Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Skog og tre

Løyve til å fella tre som skapar konflikt

  • Tre i plantefelt kan grunneigar fell fritt utan løyve  frå kommunen.
  • Dersom fellinga gjeld eit større volum, skal det gjevast melding til skogansvarleg i kommunen.
  • Tre i hagar er regulert i nabolova §§ 2 og 3. Her kjem det mellom anna fram at ein ikkje skal ha tre «nærare hus, hage, tun eller dyrka mark enn 1/3 av trehøgda». Vidare gjev lova nabo rett til å fjerna greiner og røter som strekkjer seg inn over nabogrensa dersom eigar av treet ikkje fjernar desse sjølv innan rimeleg tid etter at varsel er gjeve. Ver merksam på at nabolova er privatrettsleg og ikkje noko kommunen handhevar.

Tilskot til skogsbrukstiltak

I NMSK-forskrifta § 3 står det:
”Det skal fastsettes overordnede retningslinjer for prioritering av søknader. Slike retningslinjer skal utarbeides i dialog mellom Fylkesmannen, kommunene og næringsorganisasjonene i skogbruket lokalt ”.

Øygarden kommune har i dialog med Fylkesmannen utarbeida desse retningslinene (PDF, 2 MB). Retningslinene er lagd med utgangspunkt i regional retningsline frå 2019, som vart utarbeidd i samråd med skogbruksnæringa og kommunane. Retningslinene gjeld fram til nye vert fastsett av Øygarden kommune.

Retningslinjer for tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Formålet med tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er at det, ut i frå kommunen sine prioriteringar, vert stimulert til auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminner i skogen vert tekne i vare og vidareutvikla.

Tilskotet vert forvalta etter Forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket.

NMSK-forskrifta har 6 ulike tilskotskategoriar, der kommunen fattar vedtak knytt til følgjande:

  • § 4 Tilskot til skogkultur
  • § 6 Tilskot til miljøtiltak i skog
  • § 8 siste ledd: Tilskot til andre tiltak i skogbruket

Vedtak om tilskot etter §§ 5, 7 og 8 fyrste ledd vert fatta av Statsforvaltaren.

Søknad om tilskot skal sendast elektronisk på fastsette søknadsskjema tilgjengeleg på Landbruksdirektoratet sine sider.