Nedgravde oljetankar

Forureiningslova gjev eigar av oljetankar ansvar for den forureininga tanken eventuelt medfører. Dette gjeld alle tankar, uavhengig av storleik. Forureiningsforskrifta kap. 1 har fastsett føresegner om tiltak for å redusera risiko for lekkasje frå nedgravne oljetankar. Det er spesifiserte krav om tilstandskontroll av oljetankar større enn 3200 liter i forskrifta.

Installering av nedgraven oljetank krev søknad om tiltak etter plan- og bygningslova. Dette søkjer du om til byggesaksavdelinga i kommunen.

Kven sitt ansvar er det?

Eigar av oljetank er ansvarleg for at tanken og/eller røyrsystemet ikkje lek. Ei lekkasje frå ein oljetank kan gjera stor skade på miljøet. Opprydding etter oljelekkasje er eigar av tanken sitt ansvar og kan vera kostnadskrevjande. Det er difor svært viktig at du følgjer med på eigen oljetank for å førebyggja lekkasje.

Kva gjer eg ved lekkasje?

  • Akutt forureining ved oljelekkasje skal meldast til 110.  Då vert oppdraget registrert og aktuelle instansar varsla. Eigar av oljetanken er ansvarleg for vidare opprydding i forureina grunn.
  • All forureining skal meldast til kommunen. Kommunen er lokal forureiningsmynde og vil gje ytterlegare informasjon om lovverk, dokumentasjonskrav og liknande.

Oljetankar som er teken ut av bruk

  • Nedgravne oljetankar større enn 3200 liter som vert mellombels teken ut av bruk, skal tømmast og sikrast slik at utilsikta påfylling ikkje kan skje. Vert tanken teken ut av bruk permanent, skal den tømmast og gravast opp for destruksjon ved godkjent avfallsmottak. Kommunen skal ha skriftleg melding frå den ansvarlege når ein nedgraven oljetank vert teken ut av bruk og dokumentasjon på at tanken er levert til godkjent avfallsmottak.
  • Nedgravne oljetankar mindre enn 3200 liter kan stå nedgravne, men skal tømmast, gjerast rein og fyllast med godkjent fyllmasse når dei vert tekne ut av bruk. Påfyllingsrøret til tanken skal låsast eller forseglast, og merkast med skilt som viser at tanken ikkje lenger er i bruk. Dette for å hindra utilsikta påfylling. Kommunen skal ha skriftleg melding frå eigar om at tanken er teken ut av bruk. Ved oppgraving av tank bør det nyttast fagfolk for å unngå uhell og store oppryddingskostnader.

Forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming frå 2020

Staten har vedteke innføring av forbod mot bruk av fyringsolje og parafin til oppvarming av bygningar frå 2020. Føremålet er å redusera klimagassutsleppa. Det betyr at dei som i dag nytter mineralolje (fyringsolje og parafin) til oppvarming, må finna ei anna løysing før 2020. Det finnes fleire alternativ til mineralolje, mellom anna varmepumper, elektrisk oppvarming, fjellvarme, flis- og pelletskjeler og biodiesel.