Motorferdsle i utmark og vassdrag

Motorferdsle i utmark kan gje skade på terreng og hovudregel er difor at motorferdsle er forbode.

Dette er regulert i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag. I nokre høve kan likevel motorferdsle i utmark ha stor nytteverdi og kommunen kan gje dispensasjon til slik ferdsle innanfor dei rammer regelverket fastset.

Du må søkje til kommunen

Dersom du har behov for å nytta motorfartøy eller luftfartøy i utmark og vassdrag, må du søkja løyve frå kommunen. Dette gjeld til føremål som ikkje er offentleg godkjende nytteføremål. All motorferdsle skal skje på ein aktsam og omsynsfull måte for å unngå skade og ulempe for naturmiljø og menneske. Statens naturoppsyn (SNO) og politiet fører tilsyn og kontroll med motorisert ferdsle i utmark, og kan gje gebyr for brot regelverket.

Grunneigarar kan forby motorferdsle

Uavhengig av regelverket kan grunneigar forby eller avgrense motorferdsle på eigen eigedom. Dette gjeld likevel ikkje redningsteneste knytta til naudrettsreglane, motorferdsle frå politi eller anna offentleg oppsynsteneste.