Marint avfall

Du kan henta ut gratis «Vi ryddar strendene i Hordaland» strandryddesekker hos ØyVAR, BIR, NGIR eller hjå BOF.

Forsøpla strender finn du på www.holdnorgerent.no og i Bergen og Omland Friluftsråd sitt strandryddekart.

I strandryddekartet finn ein sannsynlegheitsmodellen frå Havforskningsinstituttet som viser kvar det marine avfallet samlar seg. Du kan sjølv registrera nye område i kartet som viser kvar det bør ryddast og når det er rydda.

Når du er ferdig å rydda kan strandryddesekkene leverast kostnadsfritt på gjenvinningsstasjon hjå ØyVAR, BIR og NGIR. 

Ønskjer du å planleggja ein større ryddeaksjon?

Send ein e-post til marintavfall@bof.no dersom du ønskjer eller har behov for hjelp til koordinering og eventuelt henting av det eigarlause avfallet.