Konsesjonsfridom
Dei aller fleste erverv er konsesjonsfrie, sjå her Konsesjon | Kartverket.no. Du må fylla ut skjemaet eigenfråsegn om konsesjonsfridom, sjå skjema LDIR-360_N_Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigningkjøp av fast eigedom mv.
Skjemaet skal fyllast ut og sendast inn til kommunen før du kan senda skøytet til tinglysing. Du skal fylle ut punkt 1, 2 også berre eitt av punkta frå 3-8. Punkt 10 må også fyllast ut. Kommunen registrerer eigenerklæringa i matrikkelen slik at stadfestinga er tilgjengeleg for Kartverket ved tinglysing. Melding om at dette er gjort, vert sendt til søkjar. Det er difor viktig at du oppgjev e-postadressa i søknadsskjemaet. Søknadsskjemaet kan skannast i fargar og sendast til postmottak@oygarden.kommune.no eller per post til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong.
Unntak frå konsesjonsfridom
I enkelte høve er det ikkje naudsynt å sende inn skjema om konsesjonsfridom til kommunen. Ein kan då tinglyse skøyte direkte til Kartverket. Det gjeld for eigedomar som er bebygd og under 2 dekar, sjå elles § 3, jf. § 1 i forskrift om konsesjonsfrihet for visse erverv av fast eiendom, egenerklæring ved konsesjonsfrihet, fulldyrket jord og beløpsgrense ved priskontroll (FOR-2003-12-08-1434) av 8. desember 2003.
Når må det søkjast konsesjon?
Det må søkjast konsesjon for alle erverv som ikkje kan takast på konsesjonsfridom eller er omfatta av unntaket frå konsesjonsfridom, sjå over og elles Lov om konsesjon ved erverv av fast eiendom mv. (konsesjonsloven) - Lovdata. Det gjeld til døme erverv av eigedomar som er bebygd og over 100 dekar. Det gjeld også der ervervar har planer om å foreta bruksendring i strid med plan. For ubebygd areal over 2 dekar avsett i kommuneplan eller reguleringsplan til LNRF og LNRF-spreidd bustadbygging må det også søkjast konsesjon.
Ved overtaking i nær slekt etter konsesjonslova § 5 første ledd nr. 1, vil ein kunne nytte konsesjonsfritak i dei fleste høve, sjå punkt 8 i skjema og illustrasjon om kven ein kan erverve frå og overdra til.
Konsesjonslova § 3 likestiller enkelte disposisjonar med erverv av fast eigedom. Det må difor søkjast konsesjon for stiftelse og overdragelse av leigerett og annan liknande bruksrett over fast eigedom, med mindre retten er stiftet for ein tid av høgst 10 år, utan at brukaren kan krevje kontraktstida forlenga utover dette tidsrom. Det same gjeld for andre rettar over fast eigedom som inneber at eigarens høve til å rå over eigedomen eller til å få det økonomiske utbytte av den blir vesentleg innskrenka. Stiftelse og overdragelse av utbyggingskontrakter av einkvar art, herunder avtalar om fortrinnsrett til å foreta utbygging, medfører konsesjonsplikt utan omsyn til varigheit. Fast eigedom kan heller ikkje tas til brukeleg pant for lengre tid enn 3 år utan konsesjon.
Kva må søknaden om konsesjon innehalde?
Søknaden om konsesjon skal vere i samsvar med skjema fastsett av departementet, sjå LDIR-359_N_Søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom. I skjemaet finn du rettleiing om korleis det skal fyllast ut. I skjemaet skal du registrere opplysningar om:
- Kven som søkjer og opplysningar om eigedomen
- Bygningar som står på eigedomen i dag (bustadhus, hytte, driftsbygning, forretningsgard, industri o.l.)
- Korleis eigedomen blir nytta i dag og kva planar overtakaren (søkjar) har for bruken av eigedomen
- Om det er avtalt vilkår for ervervet og innhaldet i desse.
- Eventuelle tilleggsopplysningar
I tillegg skal du leggje ved originalar eller stadfesta avskrift av:
- Skøyte
- Kjøpekontrakt
- Leigekontrakt eller annan avtale
- Takst
- Salsoppgåve
- Fullmakter som viser at du er gjeve rett til å disponere rettsleg på vegne av ei anna person
Dette gjeld dersom det finst slike dokument. Dersom det ikkje finst slike dokument må du opplyse om det i søknaden. Søknadsskjemaet skal signerast av både søkjaren og overdragaren.
Søknaden om konsesjon kan skannast i fargar og sendast til postmottak@oygarden.kommune.no eller per post til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong. Dersom det blir gjeve konsesjon, vil kommunen registrere konsesjonen i matrikkelen slik at konsesjonen er tilgjengeleg for Kartverket ved tinglysing. Melding om at dette er gjort, vert sendt til søkjar i etterkant av vedtaket.
Gebyr
Det tilkjem ikkje gebyr for behandling av søknader om konsesjonsfridom. Det tilkjem gebyr for behandling av søknader om konsesjon. Gebyret er enten kr. 3 000,- eller kr. 5 000,- avhengig av sakens karakter.