Fyrverkeri

Det er aldersgrense 18 år for kjøp og bruk av fyrverkeri. For små stjerneskot er aldersgrensa 12 år.

Det er forbode å skyte opp fyrverkeri utan løyve. Unnataket for løyveplikt er nyttårsaftan mellom kl. 18.00 og 02.00. Merk at det for eit avgrensa område på Straume er innført totalforbod mot oppskyting av fyrverkeri, også på nyttårsaftan.

Sjå lokal forskrift med kart

I nord går forbodet fram til Grunnavågen, aust til fylkesveg 209 og sør til og med Geitavika.

Ønskjer du å skyte opp fyrverkeri utanom nyttårsaftan må du søkje om tillatelse både frå politi og brannvesenet.

Det kan også søkjast om dispensasjon frå totalforbodet om oppskyting av rakettar i Straumeområdet dersom det kan visast til særlege grunnar. Søknaden må vere skriftleg og skal sendast til Øygarden kommune i godt tid før oppskytingstidspunktet. Saksbehandlingstid kan vere frå omlag 4-6 veker.

Les meir på nettsida til Øygarden brann og redning om bruk og handel med fyrverkeri