Adressetildeling

Øygarden kommune tildeler adressenamn, adressenummer og brukseiningsnummer og registrerer dette i matrikkelen.

Om adresse

Spørsmål om adresser

Ta kontakt med Geodata- og Oppmålingsavdelinga i kommunen dersom du har spørsmål om tildeling av adresser.

Klage

Klagerett på adressetildeling er avgrensa til:

  • Kva veg/adressenamn ein bygning eller eigedom er skal ha adresse til
  • Kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressa
  • Feil ved tildeling av adressenummer eller brukseiningsnummer
  • Klage på adressetildeling er heimla i matrikkelloven § 46 bokstav f, med supplerande reglar i matrikkelforskriften §22.

Adressenamn

  • Namn på vegen/området kan ein ikkje klage på.
  • Skrivemåten av adressenamnet kan ein klage på. Kven som kan klage på skrivemåten, går fram av stadnamnlova § 12.

Lovar og reglar

Eksterne lenker