Øygarden kommune tildeler adressenamn, adressenummer og brukseiningsnummer og registrerer dette i matrikkelen.
Om adresse
Bygningar som er brukt til bustad, fritidsføremål, næringsverksemd, offentleg eller publikumsretta verksemd, skal tildelast offisiell adresse. Ein kan også tildela adresse til stadar der mange ferdast eller treng å finne fram til, som idrettsanlegg, parkeringsanlegg, park, badeplass og gravplass.
I bygg med fleire bueiningar der ein har åtkomst frå ulike ytre inngangar, skal kvar av desse inngangane tildelast eige adressenummer.
Leilegheit/hybel i einebustadar kan også få tildelt eige adressenummer.
Adressenummer vert tildelt yte inngangar. Dei som bur i til dømes blokker/leilegheitskompleks har difor oftast same vegadresse. I tillegg vert kvar enkelt leilegheit tildelt ei unik adresse. Denne unike adressa er brukseiningsnummer. Brukseiningsnummer er del av den offisielle adressa til bebuarane i leilegheita. Brukseiningsnummer består av ein bokstav og fire siffer, t.d. H0101.
Kommunen tildeler brukseiningsnummer etter eit fast system, slik at AMK-sentralar og andre som kjenner systemet finn raskt fram i store leilegheitsbygg.
Eigar, fester, bebuar eller tiltakshavar skal bestilla og merka brukseininga med adressemerke. På adressemerke skal det stå vegadresse (adressenamn og -nummer) og brukseiningsnummer.
Merket skal plasserast synleg på eller ved inngangsdøra til leilegheita.
Merking av hus og leilegheiter er lovpålagt.
Sjå utfyllande informasjon om adressemerker, bestilling av adressemerker og reglar om merking av brukseiningar på nettsida til Kartverket om adressemerker.
Døme på adressemerke:
Kommunen skilter vegar og område. Kommunen sett også opp tilvisingsskilt dersom det er naudsynt.
Eigar, fester og tiltakshavar er ansvarlege for at den enkelte bygning eller eigedom vert skilta med adressenummer.
Eigar, fester, bebuar eller tiltakshavar skal merka brukseininga. Merket skal vera synleg ved inngangsdør til bueininga.
I enkelte tilfelle er det naudsynt å endra på tildelte adresser. Til dømes ved fortetting eller ved endra køyremønster i området.
Registrert eigar eller registrert festar får melding før endringa skjer, vedkommande får anledning til å uttala seg. Uttalen skal vera grunngjeve og underteikna.
Kommunen er adressemynde og vedtek namn på adresseparsellar.
Lov om stadnamn (stadnamnlova) gir reglar om skrivemåten av stadnamn og saksgangen i namnesaker.
Partar, lokale lag og foreiningar vert invitert til å koma med innspel og namneforslag.
Etter stadnamnlova er det berre skrivemåten av adressenamn som kan klagast på, ikkje sjølve namnevalet. Kven som kan klaga på skrivemåten, går fram av stadnamnlova § 12.
Brosjyre om namnsetjing av vegar.
I område utan vegsystem kan ein oppretta områdeadresse. Dette er spesielt aktuelt for hyttefelt, øyer/holmar, eller andre område som ligg langt unna allfarveg.
Oppsettet er likt som ved vegadresse, med adresse-/områdenamn og adressenummer. Forskjellen er at områdeadressa ikkje er knytt til ei veglenke. Adressepunktet (husnummer) vil vera søkbare og synlege i kart som ved ei vanleg adresse.
I område der ein ikkje har adressenamn, vert det tildelt matrikkeladresse.
Matrikkeladresse er ei talrekke som består av gards- og bruksnummer, evt feste- og undernummer.
Spørsmål om adresser
Ta kontakt med Geodata- og Oppmålingsavdelinga i kommunen dersom du har spørsmål om tildeling av adresser.
Klage
Klagerett på adressetildeling er avgrensa til:
- Kva veg/adressenamn ein bygning eller eigedom skal ha adresse til
- Kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressa
- Feil ved tildeling av adressenummer eller brukseiningsnummer
- Klage på adressetildeling er heimla i matrikkelloven § 46 bokstav f, med supplerande reglar i matrikkelforskriften §22.
Adressenamn
- Namn på vegen/området kan ein ikkje klaga på.
- Skrivemåten av adressenamnet kan ein klaga på. Kven som kan klaga på skrivemåten, går fram av stadnamnlova § 12.
Lovar og reglar
Eksterne lenker
Sist endra 12.05.2025 10.10