Vedtaksdato: 22.09.2025
Kunngjeringsdato: 24.09.2025
Klagefrist: 15.10.2025
Saksnummer: 25/4027
Status: Vedteke adressenam
Gardsnamn: Straume
Kort om saka
Retningsliner for adressering og tildeling av adressenamn i Øygarden kommune vart vedteke 17.06.21(KS-sak 091/21 ). Gjennom retningslina vart det oppretta eit administrativt namneutval. Eining for arealforvaltning er delegert namnemynde for kommunen. Namneobjekt av stor offentleg betydning vert ikkje delegert.
Stadnamnslova har reglar om at adressenamn med meir enn 22 posisjonar i matrikkelen, skal ha ein forkorta versjon, jf. Matrikkelforskriften § 51 fyste ledd. Det er difor naudsynt å vedta forkorting på to av namna som vart vedteke i plan- og miljøutvalet saksnr. 042/25.
Oversikt over gågater som treng forkorting av adressenamn:
Saksopplysningar
Saka gjeld forkorting av to gågatenamn, Akode 4062 og 4063.
To av dei vedtekne namna har meir enn 22 posisjonar, og treng difor ei forkorting av namnet til bruk i alle offentlege og private register, medan tilvisingsskilt kan ha det fulle namnet for adressenamnet. Det skal vera punktum bak forkortinga, og ein hovudregel er at etternamn ikkje skal forkortast.
Bilete henta frå Adresseveiledaren til KartverketKart
Her kan du sjå kart over gågater på Straume. (PDF, 506 kB)
Dokument
Vedteke forkorting av to adressenamn i Straume sentrum (PDF, 201 kB)
Vurdering
Kommunedirektøren vurderer at forkorting av gate til g. er den beste løysinga. Alexander Dale Oens g. og Johannes Kleppeviks g. er namna som vert brukte i offentlege og private register.
Vedtak
Vedtak kan påklagast av dei som etter stadnamnlova § 6 (bokstav a-c), har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn Jf. stadnamnlova § 12 – Klage:
- eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1, tredje ledd
- eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom
- ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn
Klage
Eventuelle klagar kan bli sendt inn via:
Vi ber om at de ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt saksnummer 25/4027.
Klagefrist er 15.10.2025.
Klagefrist er 3 veker frå kunngjering. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan fristen, jf. forvaltningslova §§ 29 og 30. Klaga skal grunngivast og sendast skriftleg til kommunen, jf. forvaltningslova §32.
Klageretten begrensar seg til skrivemåte av namnet, ikkje vegparsellinndeling eller val av namn.
Kommunen saksbehandlar klagen i tråd med gjeldande lovverk. Dersom klagen ikkje vert teke til følgje, vert saka sendt til Klagenemnda for stadnamnsaker. Klagenemnda sitt vedtak er endeleg.