Vedtekne adressenamn

Øygarden kommune, delegert til namnemynde ved Eining plan, geodata og oppmåling, vedtok 25.05.2022 i sak 002/22, fire vegadressenamn og to områdeadressenamn.

  • Huldraspelmyra (Midtre Fjell)
  • Brakadalsvegen (Kårtveit)
  • Merkesgardsvegen (Kårtveit)
  • Torshola (Torsvik)
  • Kylleren (område/øyar ved Brattholmen/Arefjord)
  • Høgøyna (område/øy ved Brattholmen)

Kunngjeringsdato: 03.06.2022
Merknadsfrist: 24.06.2022
Saksnummer: 002/22

Vedtak kan påklagast av dei som etter Stadnamnlova § 6 (bokstav a-c), har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn Jf. Stadnamnlova § 12 – Klage:

  • eit offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd
  • eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom
  • ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn

Klagefrist er 3 veker frå kunngjering. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan fristen, jf. forvaltningslova §§ 29 og 30. Klaga skal grunngivast og sendast skriftleg til kommunen, jf. forvaltningslova §32.

Klageretten begrensar seg til skrivemåte av namnet, ikkje vegparsellinndeling eller val av namn.

Kommunen handsamar klagen i tråd med gjeldande lovverk. Dersom klagen ikkje vert teke til følgje, vert saka sendt til Klagenemnda for stadnamnsaker. Klagenemnda sitt vedtak er endeleg.

Klage

Merknad til kunngjeringa kan du senda til kommunen via e-post: postmottak@oygarden.kommune.no, eller via brev til: 

Øygarden kommune,
Ternholmvegen 2,
5337 Rong

Vis til saksnr. 002/22. Klagefrist er 24.06.2022. 

Dokument