Varsel om oppstart av regulering for Detaljregulering for Knappavika kai

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av Detaljregulering for Knappavika kai  GBNR 45/131 - Ebbesvika, planID: 124620230004.

Plankonsulent er Holon Arkitektur AS på oppdrag av Straume Næringspark AS.

Kunngjeringsdato: 12.05.2023
Merknadsfrist: 09.06.2023
Saksnummer: 22/13228
Arealplanid: 124620230004
Opne i plankart
Plandokument
Status: Planoppstart
Gardsnamn: Ebbesvika
 

Kart med markert plangrense - Klikk for stort bilete

Kort om planen

Det vart halde oppstartsmøte for planen den 29.08.2022. Planinitiativet er revidert etter oppstartsmøte, siste revisjon motteke 18.01.2023.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utviding av areal i sjø for etablering av sementsiloar og bygging av fjellhallar for lager.  

Tiltaket er vurdert å ikkje ha krav til konsekvensutgreiing jf. KU-forskrifta §§ 8 og 10. Det ligg føre rapport frå Rådgivende Biologer AS frå 2014, som har vurdert delar av området som er planlagt utfylt i sjø. Denne rapporten er tilgjengeleg som del av oppstartsvarslet.

Planstatus

I kommuneplanen sin arealdel (KPA) er området avsett til næring, hamn på land og i sjø, friluftsområde i sjø og LNF. Omsynssoner innanfor varslingsområdet i KPA: hensyn grønnstruktur, gul støysone, høgspenningsanlegg, ras- og skredfare, og sone om at reguleringsplan skal fortsatt gjelde.

Planområdet dekker heile reguleringsplan 62-2 RP Straume Sør,Veg,Kai (43), plan id 124620010007. Planområdet er større enn den planen, og dekker areal satt av til LNF i kommuneplanen. Ved eventuelt vedtak av planen vil det verte lagt opp til at eksisterande reguleringsplan 62-2 RP Straume Sør, Veg, Kai (43) vert oppheva. 

Dokument i saka

Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister

Saksgong

I denne fasen, kan ein sende inn merknad til oppstart av planarbeidet. Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagsstillar. Etter at merknadsfristen er gått ut vil plankonsulent utarbeide eit planforslag, som vert sendt til Øygarden kommune for vurdering og saksbehandling. 
Etter 1. gangsbehandling i utval for plan (UFP), vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vera mogleg å koma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.
Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Øygarden kommune. Søk etter saksnr. 22/13228. https://innsyn.onacos.no/oygarden/postliste/wfinnsyn.ashx?response=arkivsak_sok_tomdefault

Har du merknader til planarbeidet?

Spørsmål og merknad kan sendast til plankonsulent:

Holon Arkitektur AS
Tollbodallmenningen 2A
5004 Bergen

Eller e-post: post@holon.no

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 09.06.2023.