Kunngjeringsdato: 07.11.2025
Klagefrist: 01.12.2025
Saksnummer: 25/21454
Arealplan-ID: 20250001
Opne i plankart
Plandokument
Status: Planoppstart
Gardsnamn: Blom
Kort om planen
Det vart halde oppstartsmøte for planen den 09.09.2025.
Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for biometanolanlegg med
tilhøyrande samferdselsanlegg, infrastruktursoner og tiltak i sjø.
Tiltaket er vurdert å ikkje gje krav til konsekvensutgreiing.
Bilete: Framlegg til plangrense. Kjelde: Teknaconsult AS.
Planstatus
I kommuneplanen sin arealdel er området avsett til næring.
Områderegulering for Energiparken er under arbeid og har vore på høyring. Områdeplanen omfattar m.a. areal for detaljregulering for Hellevatnet.
Plangrensa for Hellevatnet overlappar delar av varsla plangrense for detaljregulering av Energiparken midt GBNR 240/114 – Blom, planid 20220005.
Detaljregulering for Hellevatnet vil overlappe følgjande reguleringsplanar:
- Detaljregulering for Northern Lights II, plan id 20210011.
- Detaljregulering for Naturgassparken, plan id 1259_20150002.
Bilete: ReguleringsplanstatusDokument i saka
Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister.
Saksgong
I denne fasen kan ein sende inn merknad til oppstart av planarbeidet. Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagsstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil plankonsulent utarbeide eit planforslag, som vert sendt til Øygarden kommune for vurdering og saksbehandling.
Etter 1. gangsbehandling vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.
Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Øygarden kommune. Søk etter saksnr. 25/21454.
Har du merknader til planarbeidet?
Spørsmål og merknad kan sendast til plankonsulent:
Plankonsulent: Teknaconsult AS
Adresse: Luramyrveien 25A, 4313 SANDNES
Eller e-post: benjamin@teknaconsult.no
Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.
Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 01.12.2025.