Varsel om oppstart av detaljregulering for Tellnes næringspark, gbnr. 53/109 m.fl. – Tellnes

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av detaljregulering for Tellnes næringspark, gbnr. 53/109 m. fl. på Tellnes. Plankonsulent er Ard Arealplan AS på oppdrag av Tellnes Næringspark Tomt1 AS.

Kunngjeringsdato: 21.06.2022
Merknadsfrist: 03.08.2022
Saksnummer: 22/6774
Arealplan-ID: 20220004
Status: Varsel om oppstart av plan
Gardsnamn: Tellnes 

Kort om planen

Formålet med planen er å detaljregulere gjeldande reguleringsplan for næringsområdet. Det er aktuelt å vurdere regulering av areal til industri/forretning/kontor kombinert med bygg og anleggsformål og detaljhandel. Det er vurdert at planarbeidet ikkje gjev krav til konsekvensutgreiing.

3D foto av Tellnes næringspark - Klikk for stort bilete

Har du merknader til planforslaget?

Innspel kan sendast til:

e-post: post@ardarealplan.no eller:
Ard arealplan as
c/o Spaces Media City, Lars Hilles gate 30
5008 Bergen

Merknadsfrist er 03.08.2022.

Dokument i saka