Varsel om oppstart av Detaljregulering for Skipsdalen, gbnr 35/171 m.fl. - Straume

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av Detaljregulering for Skipsdalen, gbnr 35/171 m.fl. - Straume, planID: 20260002.

Øygarden kommunen er forslagsstillar og Asplan Viak AS er plankonsulent.

Kunngjeringsdato: 27.02.2026.
Merknadsfrist: 30.03.2026.
Saksnummer: 26/1858
Arealplan-ID: 20260002
Opne i plankart 
Plandokument 
Status: Planoppstart
Gardsnamn: Straume

Kort om planen

Det vart halde oppstartsmøte for planen den 21.01.2026.

Planområdet er på ca. 64 daa og ligg mellom Foldnes skule i nord og «Helselandsbyen» i sør. I vest grensar planområdet til sjø, og i aust grensar området til den gamle Foldnes gravplass og Skiftedalsvatnet. 

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ny sjukeheim som eit institusjonsbygg med inntil 120 plassar, og estimert bruksareal vil ligga på om lag 12 000 m². Det skal etablerast tilfluktsrom i samband med sjukeheimen. I tillegg må planen sikra tilkomst, parkering, renovasjon og uteareal for den nye sjukeheimen. Det kan bli aktuelt å vurdera moglegheit for felles løysingar for parkering og renovasjon for sjukeheimen, skulen og gravplassen. Ein vil også vurdere å opna for etablering av ein gangforbindelse mellom helselandsbyen og ny sjukeheim i Skipsdalen, for å gjere det mogleg med samordning av tenester mellom dei to stadane.

Tiltaket kjem inn under KU-forskrifta § 8 a. Følgjande tema skal konsekvensutgreiast; friluftsliv/by- og bygdeliv, naturmangfald og landskap.

Varslingsgrense markert med rosa stipla line - Klikk for stort bileteVarslingsgrense markert med rosa stipla line

Planstatus

I kommuneplanen sin arealdel er området sett av til offentleg eller privat tenesteyting, friområde, bustad og veg.  

Eldre reguleringaplanar i området vert samstundes varsla delvis oppheva for dei delane som ligg innanfor planområdet for detaljreguleringa for Skipsdalen. Dette gjeld følgjande reguleringsplanar: 

  • Reguleringsplan for deler av gnr. 35 Straume, gnr. 36 Foldnes og gnr. 41 Arefjord (planID 124619840002), vedteken i 1984
  • 4-0 RP Åttringjen, Foldnes II (36) (planID 124619740001), vedteken i 1974
  • 75 RP Litlesotra kyrkje (36) (planID 124619990006), vedteken i 1999
  • 260 RP Straume DPS, Felt B3 (35-251) (planID 124620060012), vedteken i 2009
Varslingsområde er vist med blå stipla line med KPA som underlag. - Klikk for stort bileteVarslingsområde er vist med blå stipla line med KPA som underlag.

Dokument i saka

Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister.

Saksgang

I denne fasen, kan ein sende inn merknad til oppstart av planarbeidet. Alle merknadar som vert sendt inn skal bli vurdert av plankonsulent. Etter at meldingsfristen er gått ut vil plankonsulent utarbeide eit planforslag, som vert sendt til Øygarden kommune for vurdering og saksbehandling. 
Etter 1. gangsbehandling vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vera mogleg å koma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.

Heile planprosessen kan du følgje via postlistene til Øygarden kommune. Søk etter saksnr. 26/1858. 

Har du merknader til planarbeidet?

Spørsmål og merknad kan du sende til plankonsulent:

Asplan Viak AS (merk med referanse «634126-14»), Postboks 2304, Solheimsviken, 5824 Bergen
Eller e-post: Skipsdalen@asplanviak.no

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 30.03.2026.