Varsel om oppstart av Detaljregulering for Morland Økotun - GBNR 30/26 - Knappskog

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av Detaljregulering for Morland Økotun - GBNR 30/26 - Knappskog.

Plankonsulent er 3RW arkitekter på oppdrag for Ingvill Morlandstø.

Kunngjeringsdato: 16.05.2023.
Merknadsfrist: 17.06.2023.
Saksnummer: 22/9129 
Arealplan-ID: 20220011
Opne i plankart
Plandokument
Status: Varsel om oppstart av plan
Gardsnamn: Knappskog

Kort om planen

Det vart halde oppstartsmøte for planen den 09.11.2022.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for etablering av eit økotun på Morland med 10-15 bustader, samt bygg for fellesfunksjonar og areal for sjølvdyrking. Ein av intensjonane er å skape eit berekraftig bustadområde basert på ei refortolking av tradisjonelle buformer og byggeskikk

Flyfoto med markert planområde. - Klikk for stort bileteFigur 1: Utklipp av planområde

I kommuneplanen sin arealdel er området avsett til bustadområde og dels som LNF-område. Planen følgjer opp kommuneplanen sin samfunnsdel om at alle innbyggarane i Øygarden skal ha tilgang på trygge og tilgjengelege bustadar (punkt 4.2.3), og at ein skal vidareutvikla levande bygder gjennom utbygging i etablerte grender (punkt 9.2.1).

Kart med utklipp av kommuneplanens arealdel - Klikk for stort bileteFigur 2: Utklipp av kommuneplanens arealdel

Det er ingen eksisterande reguleringsplanar i området, og det er derfor kommuneplanen sin arealdel som er førande for området.  

Tiltaket kjem ikkje under KU-forskrifta § 6 og 8. Aktuelle problemstillingar er overvatn, landbruk, trafikk og mjuke trafikantar mm. 

Dokument i saka

Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister

Saksgong

I denne fasen, kan ein sende inn merknad til oppstart av planarbeidet. Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagsstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil plankonsulent utarbeide eit planforslag, som vert sendt til Øygarden kommune for vurdering og saksbehandling. 
Etter 1. gangsbehandling i utval for plan (UFP), vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.

Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Øygarden kommune. Søk etter saksnr: 22/9129.  
Søk etter saker (onacos.no)

Har du merknader til planarbeidet?

Spørsmål og merknad kan sendast til plankonsulent:

Spørsmål og innspel til oppstart av planarbeidet kan rettast til 3RW arkitekter ved Mathilde Vindenes, e-post: mathilde@3rw.no , telefon 913 27 000. Alle innspel vil følgje planframlegget vidare til handsaming i kommunen.

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 17.06.2023.