Varsel om oppstart av arbeid med privat detaljregulering for Lyngøyhamn – gbnr. 210/1 m.fl. – Lyngøyna

Med heimel i plan- og bygningslova §12-8 vert det varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gang arbeid med reguleringsplan for sameigelaget på Lyngøy.

Kunngjeringsdato: 22.08.2022
Merknadsfrist: 23.09.2022
Saksnummer: 21/6537
Status: Varsel om oppstart av plan
Gardsnamn: Lyngøyna

Det vart halde oppstartsmøte med administrasjonen i kommunen den 02.07.2021 og oppstartsløyve vart gjeve i sak 21/6537.

Planområdet er på om lag 42,7 daa, og kan sjåast på vedlagt kart. Kartutklippet under syner lokalisering av planområdet nord i Øygarden kommune.

Figur 1: Kartutklipp frå kommunekart/klient.no som syner planområdet (raudt polygon), og tilgrensande areal.

Planområdet er vurdert som eit ideelt denne type for utvikling ettersom det medføre ei fortetting i eit allereie velutvikla naustområde. Med tanke på utforming ynsker ein å følge den eksisterande byggeskikken i området.

Per dags dato er området ikkje regulert, og det vil sei at arealdelen til kommuneplanen er gjeldande. Denne har avsett området til LNF og farled. Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for seks naust, samt eit torvhus, og planen er med andre ord ikkje i tråd med kommuneplanen. Det vart likevel gjeve oppstartsløyve for detaljreguleringa, med bakgrunn i

at det allereie er eit etablert naustmiljø i området, med opning for naturleg vekst. Kommunen var i oppstartsmøte tydeleg på at sjølv om ein i all hovudsak ikkje vil tilrå oppstart til planar i strid med overordna plan, er det etter ei heilskapleg vurdering likevel opna for dette. Det er ynskeleg å legge til rette for ein vidare bruk av det historiske samfunnet på Lyngøy og det er venteleg å tru at kommunen i revisjon av arealdelen vil sette av Lyngøyhamn til naustformål med krav til regulering.

Figur 2: Kartutklipp får kommunekart som syner kommuneplanens arealdel. Planområdet er synt i raud polygon

Planen legg ikkje opp til tiltak med fare for miljø- og samfunnssikkerheit, og det vert difor ikkje stilt krav om konsekvensutgreiing. Arbeid med detaljregulering utløyser likevel alltid krav til ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) og denne kjem me til å gå gjennom og vurdere mellom anna stormflo, beredskap og liknande.

Medverknad:

Merknader/uttaler kan sendast skriftleg til Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen eller til post@byggadmin.no innan 23.09.2022.

Oppstart av planarbeidet vert og varsla i Vestnytt den 26.08.22 og annonsa vert lagt ut på Byggadministrasjon si heimeside: https://byggadmin.no/kunngjeringar/

Vidare saksgang kan ein følgje i kommunen sitt planregister – detaljregulering for Lyngøyhamn.

Ved spørsmål, innspel eller for meir informasjon kan ein kontakte Petter E. T. Flotve på tlf. 95795230 eller Petter@byggadmin.no