Søknad om auka arealbruk i anlegg for oppdrett av matfisk av laks og aure på Syltøy Lytt til tekstenStopp avspillingMowi Seawater Norway AS - Søknad om auka arealbruk i anlegg for oppdrett av matfisk av laks og aure på lokalitet 13196 Syltøy i Øygarden kommune. Kunngjeringsdato: 04.04.2023 Merknadsfrist: 02.05.2023 Saksnummer: 22/16013 Vestland fylkeskommune viser til søknad motteke 15.03.2023 frå Mowi Seawater Norway AS (tidl. Mowi ASA) om løyve til auka arealbruk i anlegg for oppdrett av matfisk av laks og aure på lokalitet 13196 Syltøy i Øygarden kommune. Dagens stålanlegg består av 14 stk. 24 x 24 m bur. Anlegget er delt opp i to rektangulære seksjonar, éin seksjon på 8 bur i vest og éin seksjon på seks bur i aust. Anlegget dekker eit synleg areal på 10.706 m2. Det nye anlegget vil ha 6 rammer 80 x 80 meter og dekke eit synleg areal på 38.400 m2. Kartet under syner omsøkt plassering av anlegget. Lokalitet 13196 Syltøy er klarert for ein maksimalt tillaten biomasse på 2340 tonn. Det vert ikkje søkt om endring i maksimalt tillaten biomasse for anlegget. Produksjonskapasiteten på lokaliteten blir soleis uendra, og vil framleis vera 2340 tonn. Områdekart med plassering av anlegget Merknader For nærare opplysningar ring Øygarden kommune 56 16 00 00. Eventuelle merknader kan per e-post til postmottak@oygarden.kommune.no eller per post til: Øygarden kommune Ternholmvegen 2, 5337 Rong Elektronisk høyringssvar Frist for å senda inn merknad er 2. mai 2023. Publisert 02.05.2023 23.55