Kunngjeringsdato: 21.06.2022
Merknadsfrist: 30.08.2022
Saksnummer: 21/26083
Arealplan-ID: 20210011
Opne i plankart
Plandokument
Status: Offentleg ettersyn
Gardsnamn: Energiparken
Utval for Plan i Øygarden kommune har i møte 09.06.2022, sak UFP 096/22, gjort vedtak om at forslag til detaljregulering vert lagt ut til offentleg ettersyn. Vedtak følgjer under:
Utval for plan (UFP) - 09.06.2022 - 096/22
- Utval for plan fremjar saka og legg detaljregulering for Northern Lights II GBNR 241/257 – Energiparken, planID 20210011, ut til høyring og offentleg ettersyn etter plan- og bygningslova §§ 5-2 og 12-10. Følgjande dokument vert lagt ut til høyring i tillegg til grunnlagsdokument:
- Planskildring, datert 25.05.22
- Plankart, datert 24.05.22
- Føresegn, datert 24.05.22
- Ved endeleg vedtak av detaljregulering for Northern Lights II, planID 20210011 vil det området som planen gjeld for overstyre tilsvarande område i underliggande detaljregulering for Northern Lights, planID 125920180001, vedteke 25.09.19.
- Det vil kunne bli aktuelt at deler av, eller heile, detaljregulering for Northern Lights II vert del av den kommunale detaljreguleringsplanen for Energiparken, planID 20210006, ved ferdigstilling av denne.
Kort om planen
Formålet med planen er å legge til rette for fase to av prosjektet Northern Lights som opnar for å utnytte full kapasitet på CO2-røyrledning ut til lagring i resipient i Nordsjøen. Planområdet omfattar området vist på kartutsnittet under. Planen er ein endring av detaljregulering for Northern Lights. Revisjon av omsynssoner og ny lokalisering av kaianlegg er dei to største endringane frå gjeldande plan. Endringar i omsynssoner er i hovudsak utviding i sjø mot aust og sør.
Northern Lights er eit prosjekt av stor internasjonal merksemd. Fase ein er under bygging, men det er allereie trong for start av detaljert planlegging, og seinare, realisering av fase to. Northern Lights er del av det statleg finansierte Langskip. Langskip er eit norsk fullskala demonstrasjonsprosjekt for CO2-handtering som inneheld fangst, transport og lagring av CO2. I Energiparken ser ein store moglegheiter for å vere i front på den grøne omstillinga, gjennom tydelege fordelaktige moment som nærleik til CCS, hav, energihub og naturgass. Northern Lights prosjektet er, og vil vere, ei svært viktig satsing inn i den grøne omstillinga for Øygarden, Noreg og Europa.
Les meir om planen og tiltaket i saksutgreiing og planskildring.
Dokument i saka
Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister
Plankart og illustrasjon
Plankart for detaljregulering Northern Lights II til offentleg ettersyn.
Illustrasjon av fase 1 og 2 av anlegget
Har du merknader til planforslaget?
Grunneigarar, naboar og alle interesserte vert invitert til å komma med merknader og innspel til planforslaget.
Eventuelle merknader og innspel kan formidlast kommunen som:
Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 30.08.2022.
Generelle opplysningar
Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og blir vurdert og referert for politisk myndigheit. Me svarar derfor ikkje på merknader enkeltvis. Me ber om at de ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt referansenr. 21/26083.