Kunngjeringsdato: 13.12.2022
Merknadsfrist: 28.02.2023
Saksnummer: 058/22
Opne i plankart
Plandokument
Status: Offentleg ettersyn
Om planen
Planframlegget set mål og strategiar for planperioden og gjer klart kva som er status og kva utfordringar som ligg føre for områda vassforsyning, avlaupshandtering, overvatn og vassmiljø. Eit av dei viktigaste premissa for planarbeidet har vore kobling av innhald mot kommunen sin vedtekne samfunnsplan, og kommunedelplanen vil og vera eit viktig grunnlag i komande arbeid med kommuneplanen sin arealdel.
I planframlegget er det oppfølgingspunkt både for ansvarsområder som ligg til kommunen og til Øyvar AS gjennom tiltaksliste for framtidige investeringsprosjekt innan vatn og avlaup. Prioritering av tiltak er basert på i kva grad dei er i samsvar med mål og strategiar, prioriteringar og vedtak for utvikling innan vedteken senterstruktur, og samsvar med krav frå offentlege mynde.
Lenke til høyringsframlegg av Kommunedelplanen kan ein finne her
Oversikt over både prioriterte og uprioriterte investeringstiltak i planperioden kan ein finne i denne kartløysinga.
Høyringsmøte
Det vil bli arrangert eit ope høyringsmøte om planprosessen tysdag 24. januar kl. 18.00 – 20.00 på Øygarden rådhus, Straume.
Dokument i saka
Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister
Har du merknader til planforslaget?
Vi ber om at de ved all kontakt med oss gjev opp saksnummer 058/22. Eventuelle merknader og innspel kan formidlast kommunen som:
Frist for å sende merknad til planframlegget er sett til 28. februar 2023.