Aktuell informasjon

No er samfunnsdelen til kommuneplanen for Øygarden 2022-2034 vedteken

Kommunestyret har i møte 24.03.2022 vedteke Samfunnsdelen til kommuneplanen for Øygarden 2022-2034, sak 014/22. Samfunnsdelen er det viktigaste styringsverktøyet for kommunen, og handlar om korleis vi skal utvikla tenestene og legga til rette for god samfunnsutvikling framover. 

Kunngjeringsdato: 08.04.2022
Saksnummer: 21/2930
Status: Vedteken plan

Samskaping og samarbeid er sentrale element i planen, og eit premiss for å lukkast i å nå måla våre. Samfunnsdelen til kommuneplanen er utarbeida i samarbeid med innbyggarar, næringsliv, lag og organisasjonar, tilsette, folkevalde og andre aktørar. Kommunen vil takka alle involverte for flotte innspel og godt engasjement.

Plandokumenta kan du lesa her:

Samfunnsdelen til kommuneplanen 2022 - 2034