
På møtet hadde kommunen ei innleiing om prosess så langt, og Terje Van der Meeren frå Havforskningsinstituttet snakka om det faglege grunnlaget for å oppretta fredningsområde og erfaringar frå oppretting av verneområde i Austevoll.
Trond Ottestad frå Fiskeridirektoratet orienterte om korleis prosessen vart vidare dersom kommunestyret vel å tilrå oppretting av fredningsområde.
Oppretting av fredningsområde er eit lokalt initiativ, og det vart på møtet understreka kor viktig det er at dette er godt forankra hos dei som brukar sjøområda til fangst og fiske. Ei freding av hummar vil innebera forbod mot fiske med fastståande reiskap som teiner, ruser, liner og garn, men fiske med handsnøre og stang vil vera lovleg.
På møtet vart det presentert forslag til to fredningsområde, eitt i sør frå Ternneset til nordra Skogsneset i nord. Utstrekning på kartet under er om lag 570 dekar sjøareal. På folkemøtet kom det innspel om å trekkja grensa for dette sørlege området litt lengre mot aust, slik at grensa gjekk om lag 20 meter vest for Staklaboskjeret og nordover mot nordra Skogneset. Dette for å unngå å ta med område på 50-70 meter som er ein del brukt til garnfiske. Elles vart det på møtet reist spørsmål om avgrensing på reiskapbruk, og regelverk knytt til fangst av hummar.
Presentasjonane som vart brukte i møtet finn du her:
For at folk som ikkje hadde høve til å møta opp kan få seie meininga si om framlegg til desse to fredningsområda, vert det opna for ei lokal høyring. Det vert presisert at høyringa gjeld innspel til desse to konkrete områda ved Telavåg, og ikkje ei generell høyring om forslag til fredingsområde andre stader i kommunen. Dette må kommunen koma tilbake til når ein ser kva erfaringar ein får dersom det vert opna for freding av hummar i føreslåtte område.
Du kan koma med merknader til framlegg til fredningsområde her
Frist for å koma med merknader vert sett til måndag 7. april.