Aktuell informasjon

Høyring og offentleg ettersyn - Detaljregulering for Energiparken Vest GBNR 242/76 - Dale

Detaljregulering med namn detaljregulering for Energiparken Vest GBNR 242/76 - Dale er lagt ut på høyring og offentleg ettersyn, i samsvar med plan- og bygningslovens §§ 5-2 og 12-10.

Kunngjeringsdato: 22.04.2022
Merknadsfrist: 03.06.2022
Saksnummer: 21/4459
Arealplan-ID: 20210002
Opne i plankart: Kommunekart
Plandokument: Planregisteret til kommunen
Status: Offentleg ettersyn
Gardsnamn: Dale

Utval for plan i Øygarden kommune har i møte 07.04.2022, sak 066/22, gjort vedtak om at forslag til detaljregulering vert lagt ut til offentleg ettersyn. Vedtak følgjer under:

Utval for plan (UFP) - 07.04.2022 - 066/22

  1. Utval for plan fremjar saka og legg detaljregulering for Energiparken Vest GBNR 242/76 –Energiparken, planID 20210002, ut til høyring og offentleg ettersyn etter plan- og bygningsloven §§ 5-2 og 12-10. Følgjande dokument vert lagt ut til høyring, i tillegg til
    - Planskildring, datert 24.02.22
    - Plankart, datert 24.02.22
    - Føresegn, datert 24.02.22
     
  2. Ved endeleg vedtak av detaljregulering for Energiparken Vest, planID 20210002 vil det området som planen gjeld for overstyre tilsvarande område i underliggande detaljregulering for Naturgassparken, planID 125920150002. Det vil kunne bli aktuelt at heile detaljregulering for Energiparken Vest vert del av den kommunale detaljreguleringsplanen for Energiparken, planID 20210006, ved ferdigstilling av denne.

Kort om planen

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for hydrogenproduksjon av naturgass i Energiparken. Planområdet omfattar området vist på kartutsnittet under. Detaljreguleringa er ei endring av detaljregulering for Naturgassparken. Dei viktigaste endringane i planen er tilrettelegging for hydrogrenproduksjonsanlegg med omsynssoner og etablering vegetasjonsskjerm mot fylkesvegen. Det vert lagt til rette for ei utbygging som vil gå i to fasar; først eit pilotanlegg for å teste teknologien, så eit fullskala produksjonsanlegg på heile tomta.

Hydrogenproduksjonsanlegget vil vere ein del av den grøne omstillinga og gjere det mogleg med teknologiutvikling innanfor hydrogenproduksjon med CO2-fangst, kalla rein hydrogen. Hydrogen som energiberar har potensiale til å gje vesentlege utsleppskutt samanlikna med alternativ tilgjengeleg i marknaden i dag. Teknologiutvikling og erfaring med drift av anlegget vil kunne gje gode moglegheiter for positive følgjeeffektar  i form av kunnskapsutvikling inn i dagens næringsklynge i Energiparken, og kunne vere del av Øygarden kommune si vidare rolle i norsk industriutvikling.

Les meir om planen og tiltaket i saksutgreiing og planskildring. Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister.

Utsnitt frå kommunen si kartløysing. Plankart for detaljregulering Energiparken Vest til offentleg ettersyn. - Klikk for stort bileteUtsnitt frå kommunen si kartløysing. Plankart for detaljregulering Energiparken Vest til offentleg ettersyn.3D-modell av mogleg fullskala produksjonsanlegg for hydrogen. Pilotanlegg er modul nordaust på tomta. - Klikk for stort bilete3D-modell av mogleg fullskala produksjonsanlegg for hydrogen. Pilotanlegg er modul nordaust på tomta.

Har du merknader til planforslaget?

Grunneigarar, naboar og alle interesserte vert invitert til å komma med merknader og innspel til planforslaget.

Eventuelle merknader og innspel kan formidlast kommunen som:

Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 03.06.2021.

Generelle opplysningar

Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og blir vurdert og referert for politisk myndigheit. Me svarar derfor ikkje på merknader enkeltvis.

Me ber om at de ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt referansenr. 21/4459 .