Høyring og offentleg ettersyn av detaljregulering for akvakulturanlegg i Parisvatnet

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljregulering for akvakulturanlegg i Parisvatnet, planID 20180004, lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i kommunestyret i Øygarden kommune den 23.10.19 , sak 068/19.

Planområdet omfattar området som er vist på kartutsnittet. Formålet med planarbeidet er å legge til rette for landbasert akvakultur med tilhøyrande infrastruktur. Planlagde reguleringsformål er mellom anna LNF, akvakultur, veg, naust og LNF spreidd bustad.

Reguleringa som gjeld sjølve Parisvatnet samsvarer med kommuneplanen, men tilhøyrande produksjonsareal og infrastruktur har nokre avvik. Planen har vore gjennom konsekvensutgreiing for fleire tema som ei følgje av at formål i planen ikkje samsvarer med overordna plan. Meir om tidlegare prosess og vidare prosess er å finne i vedlagte sakspapir.

Lenke til alle dokument i saka

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast innan 17. januar på ein av desse måtane:
E-post postmottak@oygarden.kommune.no
Post: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong