Høyring – Forslag til endring av skjenketider i samband med fotball-VM 2026

Kommunestyret i Øygarden kommune gjorde følgjande vedtak 26.03.26: «Kommunestyret ønsker å gjere endring i kommunen si skjenketid i samsvar med HOD sitt endringsframlegg, med atterhald om eit positivt vedtak i Stortinget. Endringsforslaget skal leggast ut på høyring i 2 veker, før saka skal til sluttbehandling i kommunestyret 07.05.26.»
 

Kunngjeringsdato: 27.03.26
Merknadsfrist: 09.04.2026
Saksnummer: 23/16723
Status: Høyring

Saksgang

Oversikt over møtedatoar i utvala:

Kort om saka

Det norske herrelandslaget i fotball har kvalifisert seg til VM og meisterskapet skal haldast i USA, Canada og Mexico i perioden 11. juni til 19. juli 2026. På grunn av tidsforskjellen vil enkelte av kampane bli sendt på tidspunkt utover alkohollova si maksimaltid for skjenking. 

Regjeringa vil opne for at kommunar som ønsker det, kan få skjenke alkohol mens fotballkampane pågår. Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har difor sendt ut ei høyring som føreslår eit midlertidig unntak frå alkohollova si maksimaltid for skjenking av alkohol. I høyringa vert det føreslått at endringa berre kan gjelde for skjenking av alkoholholdig drikk gruppe 1 og 2 i perioden 11. juni – 19. juli, og for skjenkestadar som viser direktekampar. 

Kommunestyret vedtok 26.03.26 at dersom forslaget går gjennom i Stortinget, ønsker Øygarden kommune å nytte seg av denne skjenketidsendringa i samband med Fotball-VM 2026. For å få til ei slik skjenketidsendring må Øygarden kommune endre sin alkoholpolitisk handlingsplan pkt. 7.1.3 og lokal forskrift om sals- og skjenketider i samsvar med HOD sitt høyringsframlegg. Då det er knapt med tid må ein endringsprosess settast i gang før det er gjort eit endeleg vedtak i Stortinget.  

Dokument i saka

Har du merknadar til høyringa?

Eventuelle merknadar og innspel kan sendast til kommunen:

Frist for å komme med merknader er sett til: 09.04.2026.

Vi ber om at de ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt saksnr. 23/16723.