Forslag til planprogram for ny fylkesveg 561 Blom-Naturgassparken

Øygarden kommunestyre vedtok i møte 23.10.19, sak 66/19, å leggje forslag til «Planprogram ny fv 561 Blom-Naturgassparken» ut på høyring. Gjeld forslag til planprogram datert 24.09.19

Vedtak i Kommunestyret (KS) - 066/19 Øygarden kommunestyre vurderer det slik at utkast til «Planprogram ny fv 561 Blom-Naturgassparken» er utarbeidd på ein tilfredsstillande måte, og gjev eit godt grunnlag for arbeidet med konsekvensutgreiing og reguleringsplan. Gjeld forslag til planprogram datert 24.09.19.

Forslag til planprogram kan sendast på høyring. Jfr. § 12-9 i plan- og bygningslova. Det må utarbeidast ein kostnadskalkyle knytt til arbeidet med konsekvensutgreiing. Ved vedtak av planprogrammet vil ein ta stilling til kva trase/trasear som er aktuelle for konsekvensutgreiing.

 

 

 

Kartutsnittet over viser dei 5 vegstrekningane som planprogrammet omhandlar. Kombinasjonar: A1, B2, B4, C2 og C4. I samsvar med § 12-9 i plan- og bygningslova vert forslag til planprogram sendt ut på høyring og offentleg ettersyn. Oversikt over saksdokumenta finst i saksframlegget. Etter at planprogrammet er fastsett vil kommunen kunne starte arbeid med utarbeiding av reguleringsplan med tilhøyrande konsekvensutgreiing. Det er ikkje sannsynleg at alle trasealternativa inngår i reguleringsplanarbeidet. Det er krav til å varsle oppstart av arbeidet med reguleringsplan. Når det skjer kan grunneigarar, offentlege instansar og andre interesserte kome med merknadar og innspel. Merknader til planprogrammet kan rettast til Øygarden kommune innan 15.03.2020.

Forslag til planprogram for ny fylkesveg 561 Blom- Naturgassparken
Forslag til planprogram ny fv. Blom-NGP - redigert 24.09.19
Silingsrapport med overordna konsekvensutgreiing 13.09.19
Sakspapir