Kunngjeringsdato: 02.11.2025
Klagefrist: 05.12.2025
Saksnummer: 22/17333
Arealplan-ID: 20220013
Opne i plankart
Plandokument
Status: Endeleg vedteken plan
Gardsnamn: Ågotnes
Kort om planen
Asplan Viak har på vegne av kommunen utarbeidd detaljregulering av miljøgate Ågotnes vest, gbnr. 27/527 m. fl. – Ågotnes, plan id 20220013. Planen regulerer ein parsell av dagens fylkesveg 5244. Planområdet ligg på Ågotnes, er om lag 30 daa og er lokalisert innanfor senterstrukturen som er satt i samfunnsdelen til kommuneplanen (KPS). Reguleringsplanen har som formål å regulere for å betre infrastrukturen langs fv. 5244 for både mjuke trafikantar og køyrande.
Plankart
Illustrasjonssnitt. Kjelde: Asplan ViakDu har rett til å klage
Vedtak gjort av kommunen etter plan- og bygningslova kan bli klaga på til Statsforvaltaren av part, eller andre med rettsleg klageinteresse, jf. plan- og bygningsloven § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.
Klagefristen er tre veker frå det tidspunktet underretning om vedtaket er motteke av
vedkommande part, dvs. vart lagt i dykkar postkasse, postboks eller vart overlevert på annan
måte. Klaga må setjast fram skriftleg.
Klage skal stilast til klageorganet (Statsforvaltaren), men sendast til Øygarden kommune som:
Dersom klagebrevet vert postlagt innan klagefristen, er dette tilstrekkeleg for at klaga er framsett i tide. Ei klage er å rekna som offentleg dokument, og kjem på postlistene til kommunen. Vi ber om at de ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt saksnr. 22/17333.
Sjølv om klagerett ligg føre kan som regel vedtaket verte gjennomført straks. Det er likevel mogleg å be om at iverksetjing av vedtaket vert utsett inntil klagefristen er ute eller klaga er endeleg avgjort, jf. forvaltningslova § 42. Kommunen si avgjerd om å gje eller avslå ein slik førespurnad om utsett iverksetjing er ikkje eit enkeltvedtak som kan bli klaga på.