Detaljregulering for Møvik bustad og næringspark, gbnr. 11/116 – Møvika

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har godkjent vedtak i Fjell kommunestyre i møte 22.11.18, sak KS 62/18, om eigengodkjenning av reguleringsplan.

Kunngjeringsdato: 14.02.2020
Saksnummer: 20/2687
Arealplan-ID: 124620120004
Opne i plankart 
Status: Godkjent plan
Gardsnamn: Møvika

Kort om planen

Den godkjente reguleringsplanen legg til rette for oppføring av inntil 36 nye bustader, i kombinasjon med næringsverksemd. Den etablerte småbåthamna er vidareført utan særlege endringar frå tidlegare plan.

Det er ein føresetnad i planen at den kommunale vegen ned til kaien vert utbetra med fortau.

Fylkesmannen i Hordaland kom med motsegn til reguleringsplanen. Derfor har reguleringsplanen vore til endeleg avgjerd hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Planen er no godkjent i samsvar med kommunen sitt vedtak. 

Vedtaket er endeleg

Sjølv om du er part i saka eller har rettsleg klageinteresse, er det ikkje mogleg å klaga på reguleringsplanar som er avgjort av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.  

Dokument i saka

Verknad av planen

Planen er bindande for alt arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet.

Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova må vera sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.

Reglane for innløysing er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. Sjå til plan- og bygningslova for fullstendig oversikt over reglane. Det er òg mogleg å ta kontakt med  kommunen for utfyllande informasjon.

Tek du kontakt med kommunen ber vi om at du viser til saksnummer: 20/2687