Detaljregulering for landbasert oppdrett Kvernavika, gbnr. 131/212 m. fl. – Kausland

Kommunestyret i Øygarden vedtok planen i møte 02.11.2022, sak KS 108/22.

Kunngjeringsdato: 14.11.2022
Klagefrist: 09.12.2022
Saksnummer: 20/6809
Arealplan-ID: 20200003
Opne i plankart: Kvernavika i kommunekart
Plandokument: Kvernavika i planregister
Status: Godkjent plan
Gardsnamn: Kausland

Kort om planen

Havnæringa er ei synleg og viktig næring i Øygarden kommune. Satsing på sjømat er ein prioritet både i kommune, fylke og stat. Gjennom Havbruksstrategien – Et hav av muligheter ynskjer staten å fremje nye løysingar for berekraftsutfordringar gjennom teknologiutvikling, nye produksjonsformer og nye produkt. Ved å flytte større del av produksjonsløpet til oppdrettsverksemda på land reduserer ein vesentleg utfordringar til luseproblematikk, samt gir større kontroll på fiskehelse. Redusert produksjonstid i sjø gir og redusert utslepp til sjø av både kjemiske- og biologiske reststoff. Samfunnsdelen til kommuneplanen, gir tydelege føringar på at Øygarden kommune skal vere eit nasjonal og globalt utstillingsvindauge for innovasjon og grøn omstilling, samt at ein skal vidareutvikla kommunen som knutepunkt for blågrøn innovasjon, karbonfangst-, lagring og utnytting og reint hav. Vidare skal kommunen vere ein proaktiv aktør som legg til rette for kompetansemiljø og bedriftsetableringar innan berekraftige maritime- og marine næringar.

Eit av kommunen sine sterkaste verkemiddel for tilrettelegging av innovasjon, sterkare næringar og blågrøn innovasjon er gjennom arealplanlegging. Kommunedirektøren ynskjer å støtte oppdrettsnæringa i ei omstilling som vil betre forhold kring miljø, fiskehelse og produksjon. Oppdrettsnæringa har utfordringar kring fiskehelse og avgrensingar i produksjon. Øygarden ligg i dag i raud sone i trafikklyssystemet som samla regulerer kapasiteten i oppdrettsnæringa i Norge. Trafikksystemet er meint å legge grunnlaget for føreseieleg vekst som og ivaretek miljøet. Raud sone indikerer i utgangspunktet at kapasiteten på produksjon i sjø i produksjonsområdet må ned, om ein ikkje løyser utfordringar til m.a. fiskehelse i merder og konsekvensar for villaks. 

Detaljregulering for landbasert oppdrett Kvernavika legg til rette for å utvide verksemd for settefisk i Kvernavika. Det skal produserast settefisk og fisk lenger ut i produksjonskjeda (postsmolt). Ei modernisering, og stor utviding, av anlegget bidrar til eit meir effektivt vassforbruk og ein større produksjon. Verksemda nyttar RAS-teknologi i anlegga. RAS-anlegg resirkulerer vatn og reduserer utslepp til sjø. Lengre produksjonstid på land gir kortare produksjonstid i sjø. Kortare produksjonstid i sjø reduserer vidare risiko for påslag av lakselus, rømming og miljøforureining i sjø. Eit storskala settefisk- og postsmoltanlegg vil styrke produksjonskjeda til oppdrettsselskap og kunne gje ein meir fleksibel, økonomisk og miljøvenleg drift. Området er i bruk i dag og har vore i bruk over lang tid. Forholda som omkransar anlegget med tilgang på både ferskvatn og sjøvatn som er viktige for denne type drift, ligg allereie til rette her. Det vil etablerast kaifront og transport til og frå anlegget vil i stor grad gå sjøvegen.

3D-modell av anlegget sett frå aust (kjelde: Stracon AS) - Klikk for stort bilete3D-modell av anlegget sett frå aust (kjelde: Stracon AS)

Du har rett til å klaga

Vedtak gjort av kommunen etter plan- og bygningslova kan påklagast til Statsforvaltaren av part, eller andre med rettsleg klageinteresse, jf. plan- og bygningsloven § 1-9 og forvaltningslova kap VI. 

Sjølv om klagerett ligg føre kan som regel vedtaket verte gjennomført straks. Det er likevel mogleg å be om at iverksetjing av vedtaket vert utsett inntil klagefristen er ute eller klaga er endeleg avgjort , jf. forvaltningslova § 42. Kommunen si avgjerd om å gje eller avslå ein slik førespurnad om utsett iverksetjing er ikkje eit enkeltvedtak som kan påklagast.

Klaga skal stilast til klageorganet (Statsforvaltaren), men sendast til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong eller på e-post postmottak@oygarden.kommune.no

Klage på vedteken plan

Dersom klagebrevet vert postlagt innan klagefristen, er dette tilstrekkeleg for at klaga er framsett i tide.

Klagefrist er 09.12.2022.

Dokument i saka

Alle plandokument og grunnlagsdokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister.


Planen er bindande for alt arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet. 

Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova må vera sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.

Reglane for innløysing er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. Sjå til plan- og bygningslova for fullstendig oversikt over reglane. Det er òg mogleg å ta kontakt med  kommunen for utfyllande informasjon.

Tek du kontakt med kommunen ber vi om at du viser til saksnummer: 20/6809.