Aktuell informasjon

Detaljregulering for Harpefjellet, gbnr. 24/1 m.fl. - Landro

Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid. 

Kunngjeringsdato: 16.03.2022
Merknadsfrist: 22.04.2022
Saksnummer: 21/20828
Arealplan-ID: 20210008
Opne i plankart: Kommunekart
Status: Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid. 
Gardsnamn: Landro

Tiltakshavar og konsulent

Forslagsstillar er Vacuri AS. Utførande konsulent for planarbeidet er Holon Arkitektur AS. 

Planområdet

Planområdet ligg på Landro, rett sør for kyrkja og gravplassen. Det har ein storleik på i overkant av 100 dekar og er regulert til bustadområde i arealdelen til kommuneplanen. Området er allereie dels utbygd med fem einebustader.

Plangrense - Klikk for stort bilete

Dokument

Formålet med reguleringa

Formålet med reguleringsplanarbeidet er å leggje til rette for bustader i tråd med overordna planar. Endeleg tal på bustadeiningar, bustadtype og storleik vil avklarast i planarbeidet.

Plankartet vist i kartløysinga til kommunen.

Merknader til oppstartsmeldinga

Innspel og merknader skal framsettast skriftleg og sendast til, og merkast med referansenummer 21092:

Holon Arkitektur AS
Kanalveien 11
5068 Bergen

eller e-post post@holon.no

Eventuelle spørsmål om planarbeidet kan rettast til Holon Arkitektur ved Aslaug Sæther:
e-post aslaug@holon.no eller telefon 55 30 06 00.

nettsida til Holon er det tilgang til meir informasjon, planinitiativ, referat frå oppstartsmøtet mm.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av uttalar til Øygarden kommune. Dette vil Holon Arkitektur AS ivareta i samband med innsending av planforslaget.

Merknadsfrist

Frist for innspel og merknader til varsel om oppstart av planarbeidet er sett til 22. april 2022.

Vidare saksgang

Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagsstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut vil sjølve planframlegget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Øygarden kommune for vurdering og saksbehandling.

Etter første gongs handsaming i utval for plan vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.