Detaljregulering for Energiparken Vest, gbnr. 242/77 m. fl. – Dale

Kommunestyret i Øygarden vedtok planen i møte 06.10.2022, sak KS 086/22.

Kunngjeringsdato: 19.10.2022 
Merknadsfrist: 11.11.2022
Saksnummer: 21/4459
Arealplan-ID: 20210002
Opne i plankart: Energiparken Vest i kommunekart
Plandokument: Energiparken Vest i planregister
Status: Godkjent plan
Gardsnamn: Dale

Kort om planen

Planen legg til rette for etablering av hydrogenproduksjon i Energiparken i Øygarden kommune. Anlegget skal produsere rein hydrogen ved bruk av naturgass frå Kollsnes prosessanlegg og på sikt lagre CO2 i Northern Lights infrastrukturen.

Detaljregulering for Energiparken Vest er ei endring av eksisterande detaljregulering Naturgassparken, planID 125920150002, vedteke 12.12.2018.

Området for tiltak er regulert frå industri/lager til næringsformål. Tiltaket vil vere eit prosesskjemisk anlegg som krev samtykke av direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Energiparken Vest - Klikk for stort bilete3D-modell av anlegget sett frå aust (kjelde: Planskildring Energiparken Vest).

Du har rett til å klaga

Som part i saka eller ved rettsleg klageinteresse, kan du levere klage på vedtaket. Klagefrist er 11.11.2022. Klagen bør vera kortfatta, presis og grunngjeven.  

Eventuell klage kan sendast til: postmottak@oygarden.kommune.no,

Elektronisk høyringssvar 

Eller som brevpost til:
Øygarden kommune 
v/ Areal- og samfunnsplan 
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Dokument i saka

Alle plandokument og grunnlagsdokument er tilgjengeleg i planregisteret til kommunen.


Planen er bindande for alt arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet. 

Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova må vera sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.

Reglane for innløysing er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. Sjå til plan- og bygningslova for fullstendig oversikt over reglane. Det er òg mogleg å ta kontakt med  kommunen for utfyllande informasjon.

Tek du kontakt med kommunen ber vi om at du viser til saksnummer: 21/4459