Skjenkeløyve fast

Kva tid må du søkja?

Dersom du ønskjer å skjenka alkohol i ein eksisterande serveringsstad eller skal starta ei ny verksemd, så treng du eit skjenkeløyve.

Kva krav vert stilt for å få eit skjenkeløyve?

  • Det er krav om uklanderleg vandel i samsvar med alkohollova
  • Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøven etter alkohollova
  • Styrar og avløysar må vera tilsett ved staden eller arbeida der i kraft av eigarstilling
  • Styrar og avløysar må vera over 20 år

Kven får tildelt eit skjenkesløyve?

Løyvet vert gjeve til den personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av skjenkestaden.

Korleis søkja?

Bruk elektronisk søknadsskjema.

Søk om fast skjenkeløyve

Alle vedlegg som vert etterspurt i skjema, må sendast inn, elles vert ikkje søknaden behandla.

Vedlegg som må følgja søknaden (kan ettersendast)

  • Driftskonsept
  • Firmaattest – ikkje eldre enn 2 månader
  • Skatte- og avgiftsattestar – ikkje eldre enn 2 månader
  • Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar 
  • Leigekontrakt eller anna stadfesting på leigeavtale, gjeld også ved framleige
  • Internkontrollrutinar etter alkohollova
  • Teikning av lokalet både for inne- og uteområde
  • Opplysningar om andre eigarforhold, for eksempel eigarar bak aksjeselskap, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap

Kommunen kan etter behov be om ytterlegare dokumentasjon, som for eksempel budsjett og finansieringsplan. Du finn full oversikt over vedlegg i søknadsskjemaet.

Kor lang tid tar det?

Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Tida kan forlengjast med èin månad dersom behov. Søknaden vert sendt til uttale hjå politiet, sosialtenesta og skatte-  og avgiftsmyndigheitene.

Pris

For eit skjenkeløyve må du betala eit årleg gebyr basert på omsett mengde alkohol. 

Skjenkeløyve fast
Type løyve Pris
Skjenkeløyve fast 6 100

Rapport alkoholomsetning

Alkoholomsetning skal årleg rapporterast på eige skjema. Her finn du meir informasjon om gebyrsatsar og skjema for innsending av omsetningsoppgåve.

Skjenketider i Øygarden

Forskrift om sals- og skjenketider ved omsetning av alkoholholdig drikk, Øygarden kommune, Vestland

Lover og forskrifter

Oversikt over lover og reglar som gjeld for servering-, sal- og skjenkestadar

Treng du rettleiing/råd?

Ring oss gjerne på
telefon 56 16 00 00
måndag til fredag
kl. 09.00 - 15.00