NB! Det er mengde alkohol kjøpt inn hos leverandør i gjeldande år, som skal innrapporterast, ref. årsrapport frå engros-leverandør. Alkoholen treng ikkje å vere selt til kunde same år.
Har de tilvirkingsløyve for produksjon av alkohol for skjenking i eiga verksemd må de ha ei ordning som viser omsett mengde alkohol, og som kan stadfestast av revisor eller ekstern rekneskapsførar.
Minstegebyr for faste løyve
Løyvehavarar som har fleire løyve må sende inn éi omsetningsoppgåve for kvar enkelt sals- og skjenkestad.
Innsending av omsetningsoppgave
Omsetningsoppgåva skal sendast inn elektronisk på kommunen sitt skjema.
Send inn omsetningsoppgåve for alkohol
Vedlegg
Stadfesting av omsett mengde alkohol MÅ sendast inn saman med skjemaet. Godkjent dokumentasjon: omsetningsoppgåve frå grossistar og/eller revisorgodkjenning. Stadfesting frå ekstern rekneskapsførar kan godkjennast for mindre selskap med låg alkoholomsetning (må vere signert av rekneskapsførar).
Frist for innsending
1. mars dersom ikkje annan frist er gitt av kommunen.
Manglande oppgåve eller ubetalt gebyr
Manglande omsetningsoppgave og/eller ubetalt gebyr vil medføre prikktildeling i samsvar med alkohollova.
Ny virksomhet
Dersom sals- eller skjenkestaden har fått nytt løyve i inneverande år, skal det berre rapporterast forvanta omsetning.
Opphøyr eller overdraging av selskap
Dersom sals- eller skjenkestaden opphøyrer eller vert overdregen, skal omsetningsoppgåva sendast inn så snart endelige omsetningstal er klare. Dersom omsetningsoppgåva manglar ved opphøyr av sals- eller skjenkeløyvet, blir det foreteke ei skjønsmessig berekning av løyvegebyret.
Skjenkeløyve for éin enkelt anledning
Gebyr for ‘ein enkelt anledning’ skal bereknast ut i frå omsett vareliter alkohol, eller minimum minstegebyr som for fast skjenkeløyve jf. alkoholforskriftene § 6-2. Kommunen kan gjere unntak for mindre arrangement. Også for frivillige lag og organisasjonar kan det gjerast unntak, avhengig av storleik på arrangementet og kva inntekta frå arrangementet skal gå til.
Ambulerande skjenkeløyve
Gebyr for ambulerende skjenkebevilling (lukka arrangement).