Generasjonsbrua - Gratis mobil- og datahjelp til eldre

Treng du hjelp til f. eks. oppretting av e-post, senda e-post, opprette bankID, slå av lommelykta på mobilen, forstå ulike appar og nettsider, forbetre pc- og mobilferdigheiter og anna teknisk hjelp? Vi er her for deg!

Kvar og kva tid finn du oss?

Du finn oss på innbyggartorget og biblioteket på Sartor Storsenter:

  • Torsdag 7. mars kl. 12.45 - 14.45

Du finn også informasjon på vår Facebookside.

Kontakt oss

Ta gjerne kontakt med oss:

Frå venstre; Natalie Josefine, Natalie, Martina og Lucas - Klikk for stort bileteFrå venstre; Natalie Josefine, Natalie, Martina og Lucas

Tilsette

  • Dagleg leiar: Natalie Heggøy
  • Økonomisjef: Lucas Bernhardsen
  • Marknadssjef: Natalie Ågotnes
  • Personalansvarleg: Martina Turøy
  • Medarbeidar: Martine Vilhelmsen

Om oss

Velkomen til Generasjonsbrua UB. Vi er fem elevar frå Sotra videregåande skule som har starta ei ungdomsbedrift i samarbeid med Øygarden kommune.

Bedrifta vår heiter Generasjonsbrua. Det går ut på at vi skal hjelpa dei eldre og andre med sine digitale problem på mobil og internett. Vi skal ha drop-in stasjonar, og halda eit par kurs som skal hjelpa til med å utvikla deira digitale ferdigheiter.

Historikk

Vi fekk ein førespurnad av kommunen om vi ønskte å tilby dei eldre i kommunen teknologisk hjelp. Dette synest vi var ein god idè, og derfor starta vi ungdomsbedrifta vår Generasjonsbrua.

Grunnen til at vi takka ja til dette tilbodet, er at vi ønskjer å inkludera dei eldre i den digitale verda.

Vi er nå klare til å hjelpa alle som måtte trenga det, og byggja ei bru mellom dei to generasjonane.

Fotogalleri

Generasjonsbrua - Klikk for stort bilete
Generasjonsbrua - Klikk for stort bilete
Generasjonsbrua - Klikk for stort bilete
Generasjonsbrua - Klikk for stort bilete
Generasjonsbrua - Klikk for stort bilete
Generasjonsbrua - Klikk for stort bilete
Generasjonsbrua - Klikk for stort bilete