Konsesjon og konsesjonsfridom

Konsesjon betyr i dette tilfellet «løyve til erverv» av fast eigedom. «Erverv» vil seia alle måter ein kan overta ein eigedom på (kjøp, gåve, arv).

Konsesjonsfridom

Dei aller fleste erverv er konsesjonsfrie, sjå her Konsesjon | Kartverket.no. Du må fylla ut skjemaet eigenfråsegn om konsesjonsfridom, sjå skjema LDIR-360_N_Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigningkjøp av fast eigedom mv.

Skjemaet skal fyllast ut og sendast inn til kommunen før du kan senda skøytet til tinglysing. Du skal fylla ut punkt 1, 2 også berre eitt av punkta frå 3-8. Punkt 10 må også fyllast ut. Kommunen registrerer eigenerklæringa i matrikkelen slik at stadfestinga er tilgjengeleg for Kartverket ved tinglysing. Melding om at dette er gjort, vert sendt til søkjar. Det er difor viktig at du oppgjev e-postadressa i søknadsskjemaet. Søknadsskjemaet kan skannast i fargar og sendast til postmottak@oygarden.kommune.no eller per post til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong. 

Unntak frå konsesjonsfridom

I enkelte høve er det ikkje naudsynt å senda inn skjema om konsesjonsfridom til kommunen. Ein kan då tinglysa skøyte direkte til Kartverket. Det gjeld for eigedomar som er bebygd og under 2 dekar, sjå elles § 3, jf. § 1 i forskrift om konsesjonsfrihet for visse erverv av fast eiendom, egenerklæring ved konsesjonsfrihet, fulldyrket jord og beløpsgrense ved priskontroll (FOR-2003-12-08-1434) av 8. desember 2003.

Når må det søkjast konsesjon?

Det må søkjast konsesjon for alle erverv som ikkje kan takast på konsesjonsfridom eller er omfatta av unntaket frå konsesjonsfridom, sjå over og elles Lov om konsesjon ved erverv av fast eiendom mv. (konsesjonsloven) - Lovdata. Det gjeld til døme erverv av eigedomar som er bebygd og over 100 dekar. Det gjeld også der ervervar har planer om å foreta bruksendring i strid med plan. For ubebygd areal over 2 dekar avsett i kommuneplan eller reguleringsplan til LNRF og LNRF-spreidd bustadbygging må det også søkjast konsesjon. 

Ved overtaking i nær slekt etter konsesjonslova § 5 første ledd nr. 1, vil ein kunne nytte konsesjonsfritak i dei fleste høve, sjå punkt 8 i skjema og illustrasjon om kven ein kan erverve frå og overdra til. 

Konsesjonslova § 3 likestiller enkelte disposisjonar med erverv av fast eigedom. Det må difor søkjast konsesjon for stiftelse og overdragelse av leigerett og annan liknande bruksrett over fast eigedom, med mindre retten er stiftet for ein tid av høgst 10 år, utan at brukaren kan krevje kontraktstida forlenga utover dette tidsrom. Det same gjeld for andre rettar over fast eigedom som inneber at eigarens høve til å rå over eigedomen eller til å få det økonomiske utbytte av den blir vesentleg innskrenka. Stiftelse og overdragelse av utbyggingskontrakter av einkvar art, herunder avtalar om fortrinnsrett til å foreta utbygging, medfører konsesjonsplikt utan omsyn til varigheit. Fast eigedom kan heller ikkje tas til brukeleg pant for lengre tid enn 3 år utan konsesjon. 

Kva må søknaden om konsesjon innehalda? 

Søknaden om konsesjon skal vere i samsvar med skjema fastsett av departementet, sjå LDIR-359_N_Søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom. I skjemaet finn du rettleiing om korleis det skal fyllast ut. I skjemaet skal du registrere opplysningar om:

  • •    Kven som søkjer, overdragaren og opplysningar om eigedomen
    •    Bygningar som står på eigedomen i dag (bustadhus, hytte, driftsbygning, forretningsgard, industri o.l.) 
    •    Korleis eigedomen blir nytta i dag og kva planar overtakaren (søkjar) har for bruken av eigedomen
    •    Om det er avtalt vilkår for ervervet og innhaldet i desse
    •    Eventuelle tilleggsopplysningar
    I tillegg skal du leggje ved kopiar av følgjande heimelsdokument:
    •    Skøyte, kjøpekontrakt, leigekontrakt eller annan avtale
    •    Takst
    Dette gjeld dersom det finst slike heimelsdokument. Dersom det ikkje finst slike dokument må du opplyse om det i søknaden. 

Gjeld ervervet landbrukseigedom, skal skogbruksplan leggjast ved dersom slik plan finst. Dersom det ikkje finst må det opplysast om det. 

Kravet om overdragars underskrift på konsesjonssøknadsskjemaet er fjernet og erstatta av ei erklæring frå overdragar. Overdragar må difor gjere greie for om han eigar annan fast eigedom i kommunen som ikkje følger med i overdraginga, og leggje ved ei signert erklæring, jf. punkt 20 i konsesjonssøknadsskjemaet. Overdragar må gje ei oversikt over eigedomane som ikkje skal følgje med i overdraginga. Dette for å gjere overdragar klar over føresegna i jordlova § 12 om forbod mot deling av landbrukseigedom.

Landbruksdirektoratet tar sikte på å utarbeide ein mal i løpet av januar 2026 på korleis ei slik erklæring frå overdragar kan sjå ut. Denne vil bli publisert på Landbruksdirektoratets nettsider her.

Søknaden om konsesjon kan skannast i fargar og sendast til postmottak@oygarden.kommune.no eller per post til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong. Dersom det blir gjeve konsesjon, vil kommunen registrere konsesjonen i matrikkelen slik at konsesjonen er tilgjengeleg for Kartverket ved tinglysing. Melding om at dette er gjort, vert sendt til søkjar i etterkant av vedtaket. 

Gebyr

Det tilkjem ikkje gebyr for behandling av søknader om konsesjonsfridom. Det tilkjem gebyr for behandling av søknader om konsesjon. Gebyret er 5 000,- kroner. 

Landbruk