Gründer i landbruket

Har du eit gardsbruk du vil vidareutvikla eller ein ny idé du vil realisera? Då er det fleire som kan hjelpa til med råd, rettleiing, tilskot og lånestøtte.

Innovasjon Norge har eit breitt spekter av tenester som er nyttig for utvikling av landbruksverksemder. 

Ofte må søknader om støtte frå Innovasjon Norge eller Statsforvaltaren ha ei innstilling frå kommunen. Det er difor viktig at du også har kontakt med kommunen når du utarbeider prosjektskildring og søknad.

Landbruk
E-post
Telefon 56 16 00 00