Mattilsynet si rolle i handtering av forvilla/eigarlause kattar er å ta hand om dyr som er sjuke, skada eller lir på ein anna måte.
Dersom du har spørsmål knytt til kattar med dyrevelferdsmessige problem skal du ta kontakt med mattilsynet.
Ved spørsmål kring kattar som utgjer eit ordensproblem skal du ta kontakt med politiet.
Dersom du har ei henvending om kattar som utgjer eit helse- og miljøproblem skal du ta kontakt til kommunehelsetenesta.
Sist endra 27.11.2023 10.14