Varslingsdato: 23.01.2026.
Merknadsfrist: 13.02.2026.
Saksnummer: 21/23161
Arealplan-ID: 20210010
Opne i plankart
Plandokument
Status: Utviding av plangrense
Gardsnamn: Nordre Bjorøyna
Kort om planen
Planområdet ligg ved Nilsvikhaugane, nord på Bjorøyna. Planoppstart blei sist varsla 07.01.2022. Formålet som blei varsla ved oppstart er å leggje til rette for daglegvarebutikk og bustader. Etter vidare arbeid i planprosessen er det naudsynt å varsle utviding av plangrense med om lag 15 dekar.
Kart
- Det er behov for planutviding mot aust for å regulere eksisterande inngrep i samband med etablering av infrastruktur knytt til brannvatn frå Nordravatnet som i dag forsyner eksisterande bustader. Utvidinga vil også regulere eksisterande terrenginngrep i samband med etablering av køyrevegen fram til bustadane. Det utvida arealet er ikkje regulert tidelegare, og er avsett til LNF-føremål og omsynssone grønstruktur H540_2 i Kommuneplan for Fjell kommune (2015-2026). Det ligg eit registrert automatisk freda kulturminne innanfor område der planen blir utvida.
- Det er teke med eit mindre areal vest for Fv. 5236 Bjorøyvegen, då gjeldande reguleringsplan i vest PlanID: 124620060006 ikkje samsvarar med eksisterande situasjon. I gjeldande plan er delar av arealet regulert til felles grøntanlegg, medan arealet i dag består av bygg definert som anna veg- og trafikktilsynsbygg.
Saksgang
I denne fasen, kan ein sende inn merknad til utvidinga av planområdet. Alle merknadar som vert sendt inn skal bli vurdert av plankonsulent. Etter at meldingsfristen er gått ut vil plankonsulent utarbeide eit planforslag, som vert sendt til Øygarden kommune for vurdering og saksbehandling.
Etter 1. gangsbehandling vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å kome med merknader til planframlegget
Har du merknader til planarbeidet?
Spørsmål og merknad kan du sende til plankonsulent:
Ard Arealplan AS
Damgsgårdsveien 135
5160, Laksevåg
Eller e-post: gfs@ardarealplan.no
Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.
Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 13.02.2026.