VA-norm og Overvassnorm

Øygarden kommunestyre vedtok VA-norm og Overvassnorm i møte 21. oktober 2025 i sak 108/2025.

  • Kommunalteknisk vatn- og avløpsnorm 
  • Overvassnorm 
  • Sjekkliste for VAO-rammeplan 

Dokumenta skildrar tekniske krav og føresegn som gjeld ved planlegging av VA-anlegg og overvasshandtering i kommunen. Kommunalteknisk vatn- og avløpsnorm har 27 vedlegg, inkl. Overvassnorm (vedlegg B 8) og Sjekkliste for VAO-rammeplan (vedlegg B 1). Mindre endringar i VA-norm og Overvassnorm som ikkje rører ved juridiske forhald vart delegert til administrasjonen og ØyVAR as å gjennomføre. 

I tillegg vedtok Øygarden kommunestyre at Standard abonnementsvilkår for vann og avløp (administrative og tekniske føresegn) vert gjort gjeldande for Øygarden kommune. 

Alle dokumenta vert publisert på heimesidene til ØyVAR as

Dei er også tilgjengeleg på kommunen sine heimesider, under Planoversikt, sjå Andre styringsdokument.