Kunngjeringsdato: 07.04.2026
Uttalefrist: 08.06.2026
Saksnummer: 25/2968
Status: Høyring
Om høyringa

Kartverket har reist namnesak for å fastsetje korrekt offentleg skrivemåte for to gardsnamn – gardane 207 og 239 i Øygarden kommune – samt tilhøyrande avleidde namn. Det er òg reist sak for namnet Nordre Sandknappen, som tidlegare ikkje har vore registrert i SSR.
Sjå liste over namn under dokument i saka.
Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av m.a. naturnamn, nedervde gards-og bruksnamn, seternamn og statlege anlegg. Før Kartverket gjer vedtak, har kommunen rett til å uttala seg. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til.
Kommunen ønskjer også innspel frå innbyggjarar dersom dei kjenner lokal dialektuttale/har informasjon om stadnamna, sjølv om dei etter lova ikkje har rett til å uttale seg.
Etter stadnamnlova §4 skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Difor vert det presisert at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet vert uttalt på ulike måtar, bed ein om å få opplyst dei forskjellige uttaleformene.
For fleire opplysningar om namna: sjå Norgeskart. Søk på stadnamnet. Somme bruksnamn står berre i matrikkelen og kan søkjast opp i eigedomsregistreret til Kartverket. Søk på: gnr./bnr., namnet på kommunen. Nytt denne lenka for å søkje i kart.
Dokument i saka
Har du merknader?
Dersom du har innspel til eitt eller fleire stadnamn, kan du sende dette til kommunen via
Frist for å koma med merknad er sett til: 08.06.2026 | Vis til saksnr. 25/2968