Høyring - forslag til prinsippvedtak om utbyggingsavtalerLytt til tekstenStopp avspillingKommunestyret i Øygarden kommune vedtok eit prinsippvedtak om utbyggingsavtaler den 18. juni 2020. Kommunedirektøren meiner det no ligg føre gode grunnar for at kommunestyret bør vedta eit nytt prinsippvedtak på området. Kunngjeringsdato: 27.02.2026Merknadsfrist: 20.03.2026Saksnummer: 26/1427Status: HøyringSaksgang Saksgang - Prinsippsak om mva-avtalarUtvalMøtedatoSaksnummerPlan- og miljøutvalet 29.01.2026005/26Formannskapet03.02.2026011/26Kommunestyret 11.02.2026010/26 Kort om sakaKommunestyret i Øygarden kommune vedtok eit prinsippvedtak om utbyggingsavtaler den 18. juni 2020. Kommunedirektøren meiner det no ligg føre gode grunnar for at kommunestyret bør vedta eit nytt prinsippvedtak på området.Før eit slikt prinsippvedtak kan vedtakast, skal saka leggjast ut på høyring. Kommunedirektøren legg difor i denne omgang fram eit utkast til nytt prinsippvedtak og tilrår at dette vert sendt på høyring med ein høyringsfrist på tre veker. Etter at høyringsfristen er ute, skal eventuelle innspel vurderast. Deretter vert det lagt fram ny sak for kommunestyret med forslag til endeleg vedtak.Meirverdiavgiftsavtaler om overføring av justeringsrett og/eller justeringsplikt etter meirverdiavgiftslova kan verta inngått i samband med utbyggingsavtaler. Rammene for slike avtaler vert handsama i eiga sak, og det er difor ikkje nødvendig å omtala meirverdiavgift i prinsippvedtaket om utbyggingsavtaler.Dokument i sakaSaksframlegg (PDF, 221 kB)Har du merknadar til høyringa?Eventuelle merknadar og innspel kan sendast til kommunen:Elektronisk høyringsinnspel E-post til Postmottak@oygarden.kommune.noBrevpost til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 RongFrist for å kome med merknader er sett til: 20.03.2026.Vi ber om at de ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt saksnr. 26/1427. Publisert 27.02.2026 12.44