Endring nr. 1 av områderegulering for Rong sentrumLytt til tekstenStopp avspillingØygarden har med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd gjort delegert vedtak om endring etter forenkla prosess av detaljregulering for områderegulering for Rong sentrum.Vedtaksdato: 29.05.26Kunngjeringsdato: 05.06.2026Klagefrist: 26.06.2026Saksnummer: 25/3104Arealplan-ID: 20170005Opne i plankartPlandokumentStatus: Endeleg vedteken planGardsnamn: RongKort om planen og endringaPlanområdet ligg på Rong i Øygarden kommune. Gjeldande områdereguleringsplan for Rong sentrum vart vedteken 31.10.2018. Planen regulerer arealet til offentleg eller privat tenesteyting, barnehage. Føremålet med endringa er å legge til rette for anna bruk av nordleg del av eigedom gbnr. 238/500. Terna barnehage vart nedlagt hausten 2025, og skal byggjast om til omsorgsbustadar for unge vaksne. Det vert planlagt for 8 bustadeiningar i dagens bygningsmasse. Endringa legg og til rette for ei framtidig utbygging på tomta med opptil 16 bustadeiningar i nybygg. Bustadene er retta mot ei brukargruppe i alderen 20-35 år ved innflytting og skal vera permanente bustader. Utforminga av bustadene skal dekke behova gjennom ulike livsfasar for brukarane.Dokument i sakaPlandokument er tilgjengeleg i det offentlege planregisteret til kommunen.KlageEventuelle klagar kan bli sendt inn via:elektronisk høyringssvare-post til: postmottak@oygarden.kommune.noBrevpost til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 RongVi ber om at De ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt referansenr. 25/3104.Klagefrist er 26.06.2026. Publisert 05.06.2026 05.00