Endring nr. 1 av detaljeregulering for Heimtun, gnr. 35, bnr. 534, 637 m. fl. – Straume

Øygarden kommune har med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd gjort delegert vedtak om endring etter forenkla prosess av detaljeregulering for Heimtun, gnr. 35, bnr. 534, 637 m. fl. – Straume.

Vedtaksdato: 22.01.26
Kunngjeringsdato: 30.01.26
Klagefrist: 20.02.2026
Saksnummer: 23/10913
Arealplan-ID: 20120011
Opne i plankart
Plandokument
Status: Godkjent plan
Gardsnamn: Heimtun

Kort om planen og endringa

Planområdet er lokalisert langs Bildøyvegen/Arefjordvegen, sør for Sartor senter. Området har avkøyrsel frå Høgestølen. Gjeldande reguleringsplan vart vedteken i 2019 og opnar for etablering av fire bustadblokker med totalt 73 bueiningar. Føremålet med endringa er å sikre gjennomføring av utbygging, noko som ikkje har latt seg realisere med dei føresetnadene som ligg føre i gjeldande plan. Mellom anna gjer høg grunnvasstand i området at det er behov for å auke byggehøgda slik at parkeringskjellar kan verte etablert. I tillegg har ikkje renovasjonsløysinga i gjeldande plan vore mogleg å realisera. Dei føreslegne endringane legg til rette for ei meir føremålstenleg utbygging i tråd med intensjonane i gjeldande plan.

Dokument i saka

Plandokument er tilgjengeleg i det offentlege planregisteret til kommunen

Du har rett til å klage

Eventuelle klager kan bli sendt inn via:

Vi ber om at De ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt referansenr. 23/10913

Klagefrist er 20.02.2026.