Endeleg planvedtak -Detaljregulering for Skulebakken GBNR 40/24, 37, 63 m.fl. – Knarrvika

Kommunestyret i Øygarden har i møte 11.02.2026, sak 20/7523, vedteke Detaljregulering for Skulebakken GBNR 40/24, 37, 63 m.fl. – Knarrvika med planID: 124620190001, i samsvar med plan- og bygningslova §12-12. 

Kunngjeringsdato: 27.02.2026.
Klagefrist: 20.03.2026.
Saksnummer: 20/7523
Arealplan-ID: 4626_124620190001
Opne i plankart
Plandokument
Status: Endeleg vedteken plan
Gardsnamn: Knarrvika

Kort om planen

Planområdet er på 24,7 dekar og ligg i Knarrvika, like nord for Skjergardsvegen og Sotrabrua. Planen legg til rette for 35 nye bustadeiningar med tilhøyrande vegar, gangvegar, parkeringsanlegg, uteopphaldsareal og leikeareal. Den nedlagte skulen, Utsikten skule, skal renoverast og gjerast om til leiligheitsbygg med 10 einingar. Bygget ved sida av skulen skal gjerast om til eit leiligheitsbygg med 4 einingar. Tidlegare Fjell gamleheim/arbeidarbustad skal rivast for å kunne leggje til rette for eit leiligheitsbygg med 21 einignar og parkeringskjeller. Det ligg 10 eksisterande, frittliggjande bustadar og ein eksisterande fleirmannsbustad innanfor planområdet som blir vidareført slik dei ligg i dag. Omkringliggjande etablerte bustadområde er inkludert i planområdet for å leggje til rette for gangtilkomstar og sikra kulturmiljøet. 

Figur 1 | Plankart - Klikk for stort bileteFigur 1 | PlankartFigur 2 | Illustrasjonsplan - Klikk for stort bileteFigur 2 | Illustrasjonsplan

Dokument i saka

Plandokument er tilgjengeleg i det offentlege planregisteret til kommunen

Du har rett til å klage

Vedtak gjort av kommunen etter plan- og bygningslova kan bli klaga på til Statsforvaltaren av part, eller andre med rettsleg klageinteresse, jf. plan- og bygningsloven § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.

Klagefristen er tre veker frå det tidspunktet underretning om vedtaket er motteke av
vedkommande part, dvs. vart lagt i dykkar postkasse, postboks eller vart overlevert på annan
måte. Klaga må setjast fram skriftleg.

Klage skal stilast til klageorganet (Statsforvaltaren), men sendast til Øygarden kommune som:

Dersom klagebrevet vert postlagt innan klagefristen, er dette tilstrekkeleg for at klaga er framsett i tide. Ei klage er å rekna som offentleg dokument, og kjem på postlistene til kommunen. Vi ber om at de ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt saksnr. 20/7523.

Klagefrist: 20.03.2026

Sjølv om klagerett ligg føre kan som regel vedtaket verte gjennomført straks. Det er likevel mogleg å be om at iverksetjing av vedtaket vert utsett inntil klagefristen er ute eller klaga er endeleg avgjort, jf. forvaltningslova § 42. Kommunen si avgjerd om å gje eller avslå ein slik førespurnad om utsett iverksetjing er ikkje eit enkeltvedtak som kan bli klaga på.