Endeleg planvedtak - Detaljeregulering for Lyngøyhamn, GBNR 2010/5 - Lyngøy

Kommunestyret i Øygarden har i møte 21.10.2025, 21/6537, vedteke Detaljregulering for Lyngøyhamn, GBNR 210/1 m.fl. - Lyngøy  med planID: 20210005, i samsvar med plan- og bygningslova §12-12. 

Kunngjeringsdato: 21.10.2025
Klagefrist: 02.12.2025
Saksnummer: 21/6537
Arealplan-ID: 20210005
Opne i plankart
Plandokument
Status: Endeleg vedteken plan
Gardsnamn: Lyngøyna

Kort om planen

Planområdet er på om lag 43 dekar og ligg på Lyngøyna, 2,5 km vest frå Hellesøyna heilt nord i kommunen. Om lag 2 km mot nord ligg øya Hernar. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for seks nye naust og eit torvhus/røykebu. I tillegg vert det lagt opp til at ei eksisterande saltebu skal verte flytta internt i planområdet. 

På den offentlege kaia vert eksisterande naudbu vidareført. Her vert det lagt til rette for ei utviding av bua, som er allmenn tilgjengeleg i ei naudsituasjon. Det er vidare ein del eksisterande naust og bodar som blir vidareført og regulert utan at det blir opna for nye tiltak. I forkant av nausta i UNB1 og 2 vert det opna for kai/brygge eller båtopptrekk, samt eit felles kaiareal som saman med det regulerte friområde skal styrke rekreasjon- og friluftsmogelegheitene på øya.

Figur 1) Illustrasjonsplan - Klikk for stort bileteFigur 1) Illustrasjonsplan

Du har rett til å klage

Vedtak gjort av kommunen etter plan- og bygningslova kan bli klaga på til Statsforvaltaren av part, eller andre med rettsleg klageinteresse, jf. plan- og bygningsloven § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.

Klagefristen er tre veker frå det tidspunktet underretning om vedtaket er motteke av
vedkommande part, dvs. vart lagt i dykkar postkasse, postboks eller vart overlevert på annan
måte. Klaga må setjast fram skriftleg.

Klage skal stilast til klageorganet (Statsforvaltaren), men sendast til Øygarden kommune som:

Dersom klagebrevet vert postlagt innan klagefristen, er dette tilstrekkeleg for at klaga er framsett i tide. Ei klage er å rekna som offentleg dokument, og kjem på postlistene til kommunen. Vi ber om at de ved all kontakt med oss gjev opp saka sitt saksnr. 21/6537.

Sjølv om klagerett ligg føre kan som regel vedtaket verte gjennomført straks. Det er likevel mogleg å be om at iverksetjing av vedtaket vert utsett inntil klagefristen er ute eller klaga er endeleg avgjort, jf. forvaltningslova § 42. Kommunen si avgjerd om å gje eller avslå ein slik førespurnad om utsett iverksetjing er ikkje eit enkeltvedtak som kan bli klaga på.