Søk sjukeheimsopphaldLytt til tekstenStopp avspillingSjukeheimsopphald er eit tilbod til personar med behov for pleie og tilsyn heile døgnet, der det ikkje er mulig å dekke hjelpebehovet i personen sin eigen heim. Kven kan søkje opphald på sjukeheim? Personar med nedsett funksjonevne Alvorleg sjuke Eldre Pårørande Slik søkjer du I søknadsskjema skriv du kva du treng bistand og hjelp til. Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje fullmakt. Vi ber om at det vert lagt ved oppdaterte legeopplysningar. Søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 149 kB) Utfylt og signert skjema sendast til: Øygarden kommune Ternholmvegen 2 5337 Rong Saksbehandling Når søknad er motteken, vil det bli gjort ein kartlegging av din fysiske og psykisk funksjonsevne, samt dine behov og ynskjer. Du må gjerne ha med pårørande eller annan tillitsperson dersom vi kjem på heimebesøk. Kommunen har plikt til å behandla saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skrifteleg svar på årsaka til dette med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort. Søknad vert behandla i tverrfagleg inntaksnemnd i Helse og Velferd. Du vil få skriftleg vedtak om avgjerda som er tatt. Prisar Institusjonsopphald (per døgn) Grunnlag 2023 Dagsopphald Etter forskrift Frokost 40 Korttidsopphald i institusjon / dagopphald: her følgjer kommunen forskrift om vederlag for opphald i institusjon. Årleg justert frå Helse og omsorgsdepartementet* Etter forskrift Avlastning (denne tenesta er gratis) 0 Suppe/dessert 30 Varm middag pr porsjon 110 Transport 40 * Satsar er regulert i "Forskrift om eigendel for kommunale helse- og omsorgstenester" §4. Nye satsar frå 1. januar 2020. Pris for langtidsopphald Prisen for en langtidsplass beregnes ut fra din grunnpensjon fra Folketrygden, sjå nærare berekning i § 3 i Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester. Klage Du kan klage på vedtak om opphald i sjukeheim. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Lover og reglar Forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns teneste, Øygarden kommune, Vestland Korttidsopphald: Helse- omsorgstjenesteloven § 1-1; 3-1; 3-2,6c Avlasting: Helse- omsorgstjenesteloven § 1-1; 3-1; 3-6 Langtidsopphald: Helse- omsorgstenestelova § 1-1§ 3-1; 3-2,6c Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1e Forvaltningsloven kap. IV og V Forskrift om kommunal helse- og omsorgsinstitusjon Sist endra 14.06.2023 09.25