Denne artikkelen er under arbeid.
Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume i Øygarden kommune og er ein viktig del av kommunens omsorgstilbod. Sjukeheimen har totalt 52 pasientplassar, fordelt på fire somatiske avdelingar og ei dementavdeling.

Om sjukeheimen
Dei somatiske avdelingane tek imot både langtids-, korttids- og avlastingspasientar, medan dementavdelinga er tilrettelagt for personar med demens og har moderne velferdsteknologi i alle rom.
Tilbodet ved Fjell sjukeheim omfattar:
- Langtidsopphald for eldre med omfattande omsorgsbehov.
- Korttidsopphald og rehabilitering for pasientar som treng oppfølging etter sjukehusopphald eller ved funksjonssvikt.
- Avlastningsopphald for pårørande med tungt omsorgsansvar.
- Lindrande behandling for alvorleg sjuke og døande pasientar.
Sjukeheimen har eit tverrfagleg team med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, servicemedarbeidarar, lege og musikkterapeut. Dei arbeider saman for å gje individuelt tilpassa pleie og omsorg, med fokus på pasientens mål og ressursar. Velferdsteknologi er integrert i dei fleste rom for å styrke tryggleik og kvalitet i tenestene.
Tilbod
Her kjem informasjon om tilbod.
Informasjon til pasientar
Alle bruker namneskilt, slik at du ser kven vi er; om det er hjelpepleiar, sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut, assistent eller lege. For det meste er det erfarne helsearbeidarar som møter deg. Innimellom har vi studentar, lærlingar og praksiskandidatar.
Korttidspasientar har legevisitt normalt ein gong i veka. Kan vera oftare ved behov.
Hovudmåltida er lagt i desse tidsromma:
- Frukost: 08.30
- Lunsj: 12.30
- Middag: 16.00
- Kveldsmat: 19.00
- Tilbod om ekstra kveldsmat før natt etter ønskje
På laurdag er det eigne tider. Det er graut kl. 13.30, «kaffimat» kl. 15.30 og varm kveldsmat kl. 18.30.
Har du spesielle behov, passer vi på at du får tilpassa kost.
Det er ønskjeleg at besøk finn stad mellom kl. 11.00 - 20.00 på pasientrom.
Ved spesielle behov legg vi til rette for besøk heile døgeret.
Fotpleiar kan bestillast ved behov.
- At du fortel oss kva som er viktig for deg, for at vi skal hjelpa deg på best mogeleg måte og gje god oppfølging.
- At du gjer oss beskjed når du går frå avdelinga.
- At besøk venter på pasientrom under måltida, slik at det blir ro på spisestova.
Det er ikkje lov å røykje inne eller på terasser. Berre røyking på tilvist plass ute.
Fotogalleri
Fotogalleri kjem.
Månadsplanar
Her kjem oversikt over månadsplanar.
Sist endra 08.12.2025 15.07