Sundheimen

Sundheimen er ein sjukeheimsinstitusjon som ligg i Skogsvåg. i Øygarden kommune. Bygget vart opna i februar 2004. 

Sundheimen - Klikk for stort bilete

Om sjukeheimen

Sjukeheimen er inndelt slik: 

  • Dement avdeling ligg i første etasje med 18 plassar, fordelt på avdeling A og B. 
  • Somatisk avdeling ligg i andre etasje med 26 plassar fordelt på avdeling C, D og E.

Kvar avdeling er organisert i mindre grupper med 8–10 pasientar, noko som gir eit oversiktleg og heimleg miljø. Sundheimen tek imot langtidsopphald, og har fokus på omsorg og tryggleik i både aktive behandlingsfasar og palliative fasar. 

Det er og 10 omsorgsbustadar med heildøgns teneste knytt til Sundheimen.  Dei ligg i bygget ved sia av.

I tillegg har vi eit dagsenter, som vert nytta av heimebuarar. Dette held til i Aktivitetssenteret rett ovanfor Sundheimen.

Sundheimen er bebuarane sin heim. Vi ønskjer, i samarbeid med pårørande, å leggja til rette for meiningsfulle dagar og at opphaldet skal vera ei god oppleving både for bebuar og pårørande.

Søk sjukeheimsopphald

Sjukeheimsopphald er eit tilbod til personar med behov for pleie og tilsyn heile døgnet, der det ikkje er mogleg å dekkja hjelpebehovet i personen sin eigen heim.

Her finn du meir informasjon om korleis du kan søkja sjukeheimsplass og elektronisk søknadskjema

Informasjon til brukarar og pårørande

Eigenbetaling for opphald i institusjon

Velferdsteknologi

Sundheimen
Telefon 56 16 04 00

Adresse

Hidlamyrsvegen 1, 
5382 Skogsvåg