Straume bu og servicesenter
Straume bu- og servicesenter er eit unikt og levande senter, sentralt lokalisert på Straume. Vi har ei engasjert og kompetent personalgruppe som saman gjer sitt beste for at bebuarane våre skal oppleva ein kvardag prega av tryggleik og meistring.

Søk om omsorgsbustad
Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre som har behov for tilrettelagt bustad, kan søkja om å få leiga omsorgsbustad.
Her finn du meir informasjon om korleis du kan søkja omsorgsbustad og elektronisk søknadsskjema.
Informasjon til brukarar og pårørande
Ved senteret arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar som i fellesskap bidreg til god og heilskapleg omsorg. I tillegg har vi til ein kvar tid lærlingar, elevar og studentar.
Den eine delen av senteret består av tre bufellesskap for bebuarar med behov for heildøgns omsorg. Her finn ein òg dagavdeling for heimebuande og kantine. I den andre delen av senteret ligg 27 omsorgsbustader, der 4 av bustadene er for bebuarar med behov for heildøgns omsorg. Senteret er bemanna heile døgnet med eigne nattevakter.
Vi har tilsynslege tilgjengeleg 2 dagar i veka for bebuarar med vedtak om heildøgns teneste.
På kveld og helg nyttar vi legevakta ved behov.
Hovudmåltida er lagt i desse tidsromma:
- Frukost: 08.30 – 10.00
- Lunsj: 12.30
- Middag: 15.30
For bebuarar i servicedelen vert det servert middag i kantina frå kl. 12.30 eller du får middag opp i leilegheita di. - Kveldsmat: 19.00
Har du behov for tilpassa diett, tilrettelegg vi for dette.
Det er inga fast besøkstid ved senteret. Pårørande og andre er velkomne til å besøkja bebuarane i leilegheitene deira når dei ønskjer. Vi ønskjer likevel å få beskjed dersom besøket skjer seint på kvelden eller om natta.
Bebuarane skal ha eigen vaskemaskin og tørketrommel i leilegheita. Personalet hjelper til med klevask etter behov.
Vi har avtale med fotpleiar som kan bestillast etter behov.
Frisør held til i lokale på Fjell sjukeheim.
- At du seier i frå om kva som er viktig for deg, slik at vi kan hjelpa deg på best mogleg måte og gje god oppfølging.
- At du gir oss beskjed dersom du går fra avdelinga
- At du under måltid let besøk venta i leilegheita, slik at det blir ro i fellesstova
- At du tek kontakt med leiinga ved senteret dersom du har tilbakemeldingar eller forbetringsforslag. Vi er tilgjengelege alle vekedagar på dagtid.
- Om du ønskjer å bidra til fellesskap og trivsel på senteret, eller vera frivillig hos oss, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt på telefon 56 16 04 40.
Det er ikkje lov å røykja inne eller på terrassar. Berre røyking på tilvist plass ute.
Fotogalleri
Månadsplanar
Her kjem lenkje til månadsplanar.
Sist endra 16.02.2026 13.30