Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume i Øygarden kommune og er ein viktig del av kommunens omsorgstilbod. Sjukeheimen har totalt 52 pasientplassar, fordelt på fire somatiske avdelingar og ei dementavdeling.

Om sjukeheimen
Dei somatiske avdelingane tek imot både langtids-, korttids- og avlastingspasientar, medan dementavdelinga er tilrettelagt for personar med demens. Alle rom på sjukeheimen har moderne velferdsteknologi.
Tilbodet ved Fjell sjukeheim omfattar:
- Langtidsopphald for eldre med omfattande omsorgsbehov.
- Korttidsopphald og rehabilitering for pasientar som treng oppfølging etter sjukehusopphald eller ved funksjonssvikt.
- Avlastningsopphald for pårørande med tungt omsorgsansvar.
- Lindrande behandling for alvorleg sjuke og døande pasientar.
Sjukeheimen har eit tverrfagleg team med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, servicemedarbeidarar, lege og musikkterapeut. Dei arbeider saman for å gje individuelt tilpassa pleie og omsorg, med fokus på pasientens mål og ressursar. Velferdsteknologi er integrert i alle rom for å styrke tryggleik og kvalitet i tenestene.
Vi har også eige kjøkken som produserer svært god mat til brukarane sju dager i veka.
Informasjon til brukarar og pårørande
Fotogalleri
Månadsplanar
Sist endra 06.02.2026 10.36