KorttidsopphaldLytt til tekstenStopp avspillingEit korttidsopphold på sjukeheim er tidsavgrensa, og kan vare frå éin dag til fleire veker. Ulike typar korttidsopphald Ordinert korttidsopphold/rehabiliteringsopphald Tilbod til heimebuande og brukarar som blir utskrevet frå sjukehuset, som har eit større behov for tilsyn og hjelp gjennom døgnet enn det heimesjukepleien kan ivareta. Målet med opphaldet er å gjenvinne og oppretthalde funksjonar slik at ein kan fortsetje å bu heime. Opphald for lindrande behandling Tilbod til alvorleg sjuke og døande pasientar. Formålet er å gi lindrande behandling, pleie og omsorg ved livets slutt. Avlastningsopphald Tilbod til pårørande med særs tyngjande omsorgsansvar for eldre dei bur saman med og som treng pause i avgrensa periodar. Opphaldet kan variere i lengde og etter individuelt behov. Slik søkjer du I søknadsskjema skriv du kva du treng bistand og hjelp til. Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje fullmakt. Vi ber om at det vert lagt ved oppdaterte legeopplysningar. Søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 222 kB) Utfylt og signert skjema sendast til: Øygarden kommune Ternholmvegen 2 5337 Rong Prisar Institusjonsopphald (per døgn) Grunnlag 2023 Dagsopphald Etter forskrift Frokost 40 Korttidsopphald i institusjon / dagopphald: her følgjer kommunen forskrift om vederlag for opphald i institusjon. Årleg justert frå Helse og omsorgsdepartementet* Etter forskrift Avlastning (denne tenesta er gratis) 0 Suppe/dessert 30 Varm middag pr porsjon 110 Transport 40 * Satsar er regulert i "Forskrift om eigendel for kommunale helse- og omsorgstenester" §4. Nye satsar frå 1. januar 2020. Sjukeheimar med korttidsopphald Fjell sjukeheim Adresse: Blombakkane 3, 5354 Straume Telefon: 55 09 74 00 Sundheimen Adresse: Hidlamyrsvegen 1, 5382 Skogsvåg Telefon: 56 16 04 00 Tednebakkane omsorgssenter Adresse: Ternholmvegen 53, 5337 Rong Telefon: 56 38 23 00 Øygarden lokalmedisinske senter Adresse: Blombakkane 77, 5354 Straume Telefon: 55 09 62 20 Lover og reglar Korttidsopphald: Helse- omsorgstjenesteloven § 1-1; 3-1; 3-2,6c Avlasting: Helse- omsorgstjenesteloven § 1-1; 3-1; 3-6 Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1e Forvaltningsloven kap. IV og V Forskrift om kommunal helse- og omsorgsinstitusjon Sist endra 21.12.2022 13.48